13 år gamle Ole Jørgen Kornberg frå Åsane er ikkje født i går. Med brettet under armen er smartingen den aller første som sjekkar inn ved Bergen Skate— og Sandhall i Nordre Nøstegate måndag føremiddag.

— Vanlegvis er det ingen andre her så tidleg på dagen, så då får eg hallen for meg sjølv. Eg kan køyre fritt overalt, utan at nokon er i vegen for meg, seier Ole Jørgen til Bergens Tidende.

Men særleg lenge har ikkje Adam paradis for seg sjølv.

— Det kjem til å bli stappfullt utover dagen, tippar sivilarbeidar Thomas Andre «Mose» Olsen.

Skiløyper og innerbane

Bergen Skate- og Sandhall har utvida opningstid mellom 11 til 21 i vinterferien. Også fleire andre skøyte-, svømme- og idrettshallar i Bergen er opne denne veka.

Det er nemleg ei myte at alle reiser ut av byen og opp på fjellet i vinterferien, og det har Bergen kommune for lengst tatt konsekvensen av.

— Ikkje stort meir enn 15-20 prosent reiser vekk frå byen i vinterferien, viser det seg, seier idrettsdirektør i Bergen, Nils Kristian Grimstveit, til BT.

— I mange år har vi derfor hatt tilbod til born og unge i vinterferien, og det er svært populært.

Nytt av året er ein stor islagt indre bane på Slåtthaug.

— Den er flott til alle typar isleik, ishockey og bandy. Dessutan held vi skiløypene på Fløien godt vedlike i vinterferien., reklamerer idrettsdirektøren.

SFO tar ikkje ferie

Sjølv om bergensskulane har vinterferie, gjeld ikkje det skulefritidsordninga. På Christie Krybbe skole kom cirka førti elevar på SFO måndag morgon, sjølv om dei eigentleg har ferie.

Nokon av dei skal vere i by'n heile vinterferien, mens andre reiser vekk litt seinare i veka.

Garn, sakser, limstiftar og fargeblyantar ligg spreidd utover bordet, og ein liten gjeng er i full sving med «klipp&lim». Eit tjuetall elevar har dratt opp i Skansebakken med akebrett, mens ein jentegjeng frå 2. og 4. klasse har forskansa på kjøkkenet. Oppå bordet ligg sju par hender fletta over og under kvarandre i ein splitter ny klappeleik.

— Det er kjedeleg å vere heime, mens her er det mange å leike med, fortel jentene på kjøkkenet til BT.

Her er det åpent i vinterferien:

Åstveit svømme-og idrettshall (tlf. 55 18 63 92)

Publikumsbading til vanlege åpningstider på kveldstid og i helga, samt åpen, gratis idrettshall kl. 10.00-14.30 til og med torsdag.

Slåtthaug svømme-og idrettshall (tlf. 55 13 47 80)

Publikumsbading til vanlege åpningstider på kveldstid og i helga. Åpen, gratis idrettshall kl. 10.00-14.30 til og med torsdag

Sentralbadet (tlf. 55 56 95 70)

Vanlege åpningstider hele veka og i helga.

Bergenshallen, skøyter

(tlf. 55 28 50 15)

Tirsdag og onsdag kl. 10.00-14.00, torsdag og fredag kl. 10.00-14.30. Vanlege åpningstider i helga.

Slåtthaug kunstisbane (tlf. 55 13 47 80)

Vanlege åpningstider heile veka og i helga.

Bergen skate- og sandhall (tlf. 55 56 00 87)

Mandag-fredag kl. 11.00-21.00. Vanlege åpningstider i helga.

Bergen Kampsportsenter (55 59 00 60)

Gratis til og med torsdag mellom kl. 12.00-16.00.

Bjarghallen (tlf. 55 98 10 72)

Åpen idrettshall til og med torsdag kl. 11.00-15.00

VÅT VINTERFERIE: Ute er det kaldt og kvitt, men inne på Sentralbadet er det sommartemperatur. Brødrene Mats André (t.h) og Christian Bru (8) nyt badelivet før dei drar på hytta på Kvamskogen.
Foto: Gidske Stark