ARNE HOFSETH

— Dette blir nesten som i gamle dagar, då Voss hadde turistsjef og reiselivslag, seier Per Inge Brekke i Voss Fjellheisar til Bergens Tidende.

Denne gongen skulle det også vera sjanse til å unngå krangel om rekninga. Det er lagt opp til frivillig deltaking, anten ved direkte tilskot, gjennom interesseorganisasjon eller med lysing i brosjyren. Så får det våga seg med ein og annan gratispassasjer.

— Dei aller fleste næringsdrivande på Voss er med på ein eller annan måte. Fjellheisane og hotella dreg naturleg nok det tyngste lasset, seier Brekke,

Kampanjen skal overtyda bergensarane om at Voss er det næraste vinterparadiset, med vekt på paradis. Dessutan blir det satsa på andre område av Vestlandet, på Danmark og Storbritannia.

— Rapportar frå turoperatørane har gitt oss stor tru på auka britisk trafikk i år, berre flyselskapa ikkje legg ned ruter til Bergen. Dei første britiske skituristane kjem 2. juledag, fortel Brekke.

100 nye parkeringsplassar står no klare i Bavallen, og planar er lagt for ytterlegare utviding når ny ekspressheis står ferdig om eit år. Det er laga ei ny og lettare løype frå Slettafjellet og ned til Tråstølen. Denne skal seinare koplast til ei ny løype ned til Bavallen.

Nytt av året er skibillett med tog- og bussamband tur/retur frå Bergen, også til kveldskøyringa i Bavallen på onsdags- og fredagskveldane.