Ti personar var til stades i lokala då brannen starta ved 08.30-tida mandag morgon, men ingen kom til skade.

Brannårsaka er truleg arbeid med ein vinkelslipar, der gneistane sette fyr på lakkrestar like ved.

Ein del byggjearbeid har pågått verksemda i det siste, og brannen utvikla seg med eksplosiv fart da det tok fyr i ein lakkeringsboks. Likevel vart elden sløkkt etter relativt kort tid.

Brannen har berre gjort avgrensa skade i bedrifta, som ligg like vest for Sandane sentrum i Gloppen kommune.