Språkprofessoren er heilt klar etter å ha lese gjennom Rundskriv 2002/042 frå Politidirektoratet:

Problemet i denne saka er ikkje lesekunnskapane blant dei ansvarlege i Hordaland politidistrikt. Problemet er heller at Ingelin Killengreens folk i Politidirektoratet ikkje kan skrive. I alle fall ikkje godt nok.

Direktoratet skuldig

— Får alle arrestantar gratis helsesjekk, seier du? Da må eg jammen prøve å bli arrestert i Bergen, er den spontane reaksjonen frå ein lettare vantru språkprofessor. Bergens Tidende har tatt kontakt for å få ei kvalifisert vurdering av korleis det famøse rundskrivet skal forståast.

Etter å ha fått rundskrivet på tre sider oversendt, er professoren klar i sin dom: Den skuldige er å finne i Politidirektoratet.

— Hade eg vore politimann i Bergen og fått eit slikt rundskriv, ville eg gjort akkurat slik som dei faktisk har gjort. For det står jo at direktoratet har innført ei 'obligatorisk fremstillingsplikt', seier Vinje. - Utfrå dette ville mi ordre være: Gå til lege med dei alle!

Ordlyden i avsnittet Vinje viser til er, sitat:

«Politidirektoratet har besluttet at det innføres en obligatorisk fremstillingsplikt for lege når det gjelder innsatte i politiets arrester. Retningslinjene nedenfor gjelder for alle innsatte, enten de er innbrakt etter politiloven eller pågrepet etter straffeprosessuelle regler.»

Uthevinga er ikkje gjort av BT.

Framstilling på språkkurs

Deretter følgjer ei opplisting av korleis ulike kategoriar som rusa, sjuke, skadde eller psykisk sjuke arrestantar skal handterast.

— Denne opplistinga gjeld etter mi oppfatning ein ny fase, der det skal ordnast med eit meir varig tilsyn etter spesielle reglar, seier Vinje. - Når eg no kjenner kva som eigentleg er meint med rundskrivet, må eg seie at det er svært klønete utforma og formeleg innbyr til å bli misforstått.

Språkprofessoren meiner at det bør reagerast strengt mot slike språklege utskeiingar, og han er ikkje i tvil om kva straffa bør være for dei ansvarlege i Politidirektoratet.

— Ingelin Killengreen bør syte for at alle dei innesitjande i direktoratet blir tvangsinnlagt på språkkurs. Så kunne eg personleg ha vurdert om dei trong spesielt eller kontinuerleg tilsyn.

Kanskje ville det vere ein god start med obligatorisk framstilling for Språkrådet, slik at liknande ulukker ikkje skjer i framtida.