Medan flagget torsdag morgon gjekk til topps hos Fitjar Kraftlag for statsløyvinga til vindkraftverket i Fitjarfjellet, var det andre som fortvilte.

— Eg er ikkje Fitjar sin lukkelegaste i dag, eg er overraska, seier Kjell Nesbø i Aksjonsgruppa for vern av Fitjarfjellet.

Skuffa

Før sommaren fekk vindparkmotstandarane signal frå Enova om at det ikkje ville bli utdelt meir støtte til vindkraft i år.

Nesbø er skuffa over det han oppfattar som eit manglande engasjement frå naturvernarar, media og lokalt næringsliv, og samanliknar med den enorme mobiliseringa mot master i Hardanger.

— Me føler me har stått veldig aleine i denne kampen. Vindmøllene i Fitjarfjellet blir trass alt inntil 145 meter høge når rotoren står rett opp.

— Heile fjellet vil bli pepra med 46 master, og området blir ubrukeleg til friluftsaktivitetar, seier han.

Han meiner dessutan at det er uakseptabelt å setja opp vindmøller 600 meter frå busetnad og tett på ei drikkevasskjelde.

— Synlege frå Bergen og Os

Nesbø trur likevel Midtfjellet Vindpark AS vil slita med å koma i gong. Til det er Enova-støtta for lita.

— Eg har ikkje tru på at dei kjem i gong med 346,5 millionar kroner. Det er ikkje nok, seier Nesbø.

- Kva om det er nok til første byggjetrinn?

— Å dela opp i byggjetrinn er klokt. Det er mogleg å byggja vindmøller i enkelte område lengst inne på fjellet, men dei nordlegaste møllene er heilt uakseptable. Dei kjem for nær busetnad og drikkevassområdet. Dei vil dessutan vera synlege heilt frå Bergen og Os, seier han.

Vindmøller splitter miljørørsla

Medan den lokale naturvernaren fortvilte, jubla Natur og Ungdom.

— I dag er vi kjempenøgd. Dette er ei avgjersle vi lenge har jobba for, og vi har vore svært uroa for at det ikkje skulle kome ei ny tildeling i år, seier Silje Lundberg, nestleiar i Natur og Ungdom.

- Ei samla miljørørsle har gått i mot mastene i Hardanger. Kva skilnad er det på dei og 142 meter høge vindmøller på Fitjarfjellet?

— Me har ikkje teke stilling til straumlina gjennom Hardanger. Me meiner at all energiproduksjon fører til naturinngrep, og då må ein vega opp klimavinsten mot dei faktiske naturinngrepa. Me meiner at det ikkje er det estetiske som skal liggja til grunn, seier Lundberg.

Det er Naturvernforbundet ikkje einig i. Dei meiner alt for mykje natur går tapt i iveren etter å produsera meir energi.

— Me burde satsa meir på energieffektivisering slik at me slapp alle inngrepa med vindmøller og straumliner. Å auka produksjonen er ikkje vegen å gå når me har så mykje å henta på redusert forbruk, seier Nils Tore Skogland i Naturvernforbundet Hordaland.

Kva meiner du om vindmøllene i Fitjar?

TRIST: - Eg er ikkje Fitjar sin lukkelegaste i dag, eg er overraska, seier Kjell Nesbø i Aksjonsgruppa for vern av Fitjarfjellet. ARKIVFOTO: BT