ERLEND SPURKELAND

Mølla er den andre som er sett opp til dette formålet her i landet. Den fyrste står i Haugesund-området. Kystverket har no avslutta monteringa av fire 25 watt halogenlykter i Brandangersundet i Gulen. Dette er eit prøveprosjekt til ein kostnad av nærmare 0,7 millionar kroner.

Her i sundet ligg ein stor fortøyingsbøye tankbåtar nyttar mens dei ventar på kaiplass på Mongstads travle hamn tvers fjorden. Men området her er trongt, dårleg merka, og båtane store.

Losane på Fedje fann det etter kvart for risikabelt, og nekta derfor å ta inn skip dit. Dei stilte krav om at noko måtte gjerast, først og fremst trong dei lys som referansepunkt på land.

Vindmøller

Men merking er kostbart utan tilgang på nettstraum. Og sjøkabel er altfor dyrt. I vestlandsk klima med mørker og gråvêr store delar av året produserer solceller for lite energi til denne typen lys.

Løysinga vart vindmøller til lading av lysbatteria. Ikkje den vanlege mølletypen med propell. Den er ikkje god nok i ekstremt vêr og med lange periodar utan tilsyn. Derfor ein finsk turbintype med vertikal aksling. Til forveksling lik på gamle dagars båtlufteventilar.

Fjernstyrt

Men med ein produksjon på berre 150 watt gjev finnen for lite kraft til å ha lyset på heile tida. Derfor vert det berre slått på etter behov.

Losen kontaktar Trafikksentralen på Fedje, som via vanleg GSM mobiltelefon ringjer til lykta og koplar den inn, og slår den av etter bruk. Slik at den er fullt opplada til neste gong.

Kaldt

På innsida av Sandøy i Gulen gnurar «Oljevern 1» baugen opp mot eit svaberg. Strekkjer flapsen inn over land som eit landgangsfartøy. Har vore her i området ei vekes tid. Det er sol, bitande vind og bølgjer med kvite toppar.

Oppe i kvar sin nyreiste stolpe heng Sam Fagerland og Ansgar Larsen og skrur leidningar. Begge elektrikarar i Kystverket, avd. 2, Haugesund. Med arbeidsfelt frå Åna-Sira til Stad. Innhylla i termodressar minner dei om romfararar.

— Greitt arbeid så lenge det er opplett, er deira kommentar til vêret. Effektive i påskeinnspurten med avbitartang, leidningar, batteri og elektronikk. Har gjort det før.

Lang levetid

Den tretti kilo tunge turbinliknande mølla er montert på toppen av ein gammaldags trestolpe. I vêr og vind gjev den mjukare resonans enn ei stålmast, og derfor får vindmølla lengre levetid.

— Skal kunna gå i minst tretti år, fortel Fagerland, som meiner vindmøller kjem til å verta meir og meir nytta på fyr og lykter langs kysten. Sett i forhold til den lange levetida, er ikkje stykkprisen på 30.000 kroner ille.

Elektrikaren har kopla til batteria, kontrollert og låst igjen. Det er klart for finalen. Han har løyst litt på kjeledressen, tatt av seg lua. Han kliv roleg opp stigen. Riv av plasten som til no har låst mølla fast. Slepper forsiktig skovlane. Som skyt fart. Mens ettermiddagen går frå sol til skugge.

Men med frisk bris på kysten.

AUKAR TRYGGLEIKEN: Tankbåtar på veg inn til ventekaien i Sløvågen vil no få god hjelp av vindmøllelysa i Brandangersundet. Kystverket sitt vindmølleprosjekt er nytt i Norge. Truleg kjem fleire etter. I masta elektrikar Ansgar Larsen.
Foto: Erlend Spurkeland