Fitjar skulemusikk bles ein spesiallaga fanfare, vinden 12 meter i sekundet og liten kuling i kasta. Det var stor stas då Midtfjellet vindpark i Fitjarfjellet blei offisielt opna framfor eit par hundre forblåste gjester tirsdag føremiddag.

Vindforholda tilsa full produksjon for dei 130 meter høge møllene i Fitjar, som det no står 44 eksemplar av etter fullført første og andre byggesteg. Eit byggesteg tre kan bli aktuelt, med 16 nye møller.

— Stor dag

— Ein stor dag for Fitjar, for Hordaland, for heile landet, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) då han opna anlegget.

— Fitjar har med dette svara på to av vår tids viktigaste spørsmål: Kva gjer vi når olja tek slutt? Korleis skal vi takla klimautfordringa? sa Nilsen.

Fitjar Kraftlag og medaksjonærane EB Kraftproduksjon, Vardar Boreas og Østfold Energi har brukt rundt 1,2 milliardar kroner på utbygginga som starta sommaren 2011. Det er medrekna ei støtte frå statlege Enova på 346,5 millionar kroner.

Vind fór forbi

20 år har gått sidan ein grunneigar kom til Fitjar Kraftlag og lurte på kvifor ikkje all vinden som fór forbi ikkje kunne nyttast til å produsera kraft. I 1997 blei det sett opp vindmålar på det 400 meter høge Midtfjellet som stadfesta at her var eit godt vindpunkt. I 2000 kom den naudsynte konsesjonen, og i 2011 støtta frå Enova.

I dag står Midtfjellet som det einaste vindkraftverket i Hordaland, med ein produksjonskapasitet på 350 gigawattimar ved full produksjon. Det skal gi nok energi til å forsyna 17.500 norske husstandar.

- Stort naturinngrep

Den sjukmelde daglege leiaren av Fitjar Kraftlag og Midtfjellet Vindkraft, Ole Vidar Lunde var til stades på den offisielle opninga tysdag. Han vedgår at det har vore tøffe tak lokalt for å få gjennom prosjektet, med ei splitta bygd som resultat.

— Det var ei tid eg undrast om det var verd innsatsen. Men no er det gløymt. Dette er ein stor dag, seier Ole Vidar Lunde.

— Det er ikkje til å leggja skjul på at dette er eit stort naturinngrep som ikkje alle er glade for. På ei anna side har det opna opp eit flott fjellområde som tidlegare ikkje har vore så godt tilgjengeleg for alle, seier Johannes Koløen, styreleiar i vindkraftselskapet og fungerande dagleg leiar.

Kva synast du om vindmølleparken? Sei di meining.

VEL BLÅST: Det bles godt på toppane i Fitjar då Midtfjellet vindpark blei offisielt opna i dag. Her Fitjars ordførar Wenche Tislevoll (H) og Stord-lensmann Bernt Norvalls.
OVE A. OLDERKJÆR
I VINDEN: Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen fekk skikkeleg vind i håret ved opninga av vindkraftanlegget i Fitjarfjellet i dag.
OVE A. OLDERKJÆR