Fleirtalet for Guleslettene vindkraftverk i Flora og Bremanger blei uventa stort, 22 mot 13 røyster. I Bremanger derimot utsette i realiteten formannskapet saka i går. Politikarane der er ikke nøgde med det innbyggjarane får att for å gje frå seg så store areal, og krev nye forhandlingar før Guleslettene og to andre vindkraftprosjekt kjem opp att i kommunestyret neste veke.

Guleslettene, eit fjellområde som strekkjer seg frå Magnhildskaret i aust til Botnane i vest, kan ifølgje utbyggjar Zephyrs eigne nettsider få bortimot 75 vindturbinar. Med ein årsproduksjon på 490 GWh, det tilsvarar forbruket til i underkant av 25.000 husstandar, kan vindkraftverket bli mellom dei større i landet.

I Flora har motstandarane markert seg, mellom anna fordi vindmøllene vil bli synlege frå store delar av byområdet. Utbyggjaren har også fått kritikk for å lokke med tiltak som ikkje har noko med utbygginga å gjere. Zephyr tilbyr mellom anna å utvide ein parkeringsplass, byggje lysløype, brøyte skiløyper og føre opp ei varmestove i det populære turområdet, i fall dei får konsesjon. Ekspertar på korrupsjon meiner tiltaka er av ein slik karakter at det bør undersøkjast om det kan vere snakk om utilbørleg påverknad.

Det er Noregs vassdrags— og energidirektorat som avgjer konsesjonssøknaden.