— Dette er eit signal om at vi òg har ei internasjonal forplikting til å ta vare på Nærøyfjorden, seier miljøvernministar Børge Brende til Bergens Tidende.

Med denne kommentaren siktar miljøvernstatsråden til at Nordisk Ministerråd for seks år sidan foreslo å ta Nærøyfjorden inn på UNESCO si prestisjefylte verdsarv-liste (World Heritage List).

— Knapt nokon annan stad finn ein eit fjordlandskap som synleggjer eit slikt samspel mellom vill, dramatisk natur og kulturpåverknad. Dette gir landskapet store opplevingsverdiar, seier Brende.

Det 570 kvadratkilometer store Nærøyfjorden landskapsvernområde ligg i kommunane Aurland, Vik og Voss og strekkjer seg frå fjorden og til fjelltoppar på opptil 1700 meters høgde.

Nærøyfjorden er det sjette vernevedtaket i gjennomføringen av landsplan for nye nasjonalparkar og andre større verneområder.

Nærøyfjorden er viktig for reiselivsnæringa på denne del av Vestlandet. Vernevedtaket kan ifølgje miljøvernministaren føre til at endå fleire turistar kjem til Nærøyfjorden, noko som vil auka lokal verdiskaping, seier Brende.

Men vernevedtaket i går vil truleg setja bom for dei luftige helikopterplanane; daglege flygingar av betalingsvillige turistar opp til Fresvikbreen, for å nyta eit måltid og utsikt over Nærøyfjorden.

STORSLÅTT: Bilferja «Fanaraaken» passerer fjellet Beitelen der Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden møtest i storslått natur.<p/> <small>ARKIVFOTO: HELGE SUNDE</small>