Det finst ingen bibelske argument for ikkje å prøve, seier Svein-Magne Pedersen til Bergens Tidende.

Full parkeringsplass, vakter og kølappsystem. Det er laurdag ettermiddag, og folk valfartar til Loddefjord kirke. Dei kjem til fots, i rullestol, på krykkjer, med gåstol og fly. Mange har stått i kø i timevis for å sikre seg plass.

— Uvant. Men så har vi også fått maksimal reklame, seier soknepresten i Loddefjord, Leif Thingnes, og siktar tilHolmgang på TV 2 og BT-Magasinet.

Forklaringa er at Loddefjord kirke er først ut med å invitere helbredelsespredikanten Svein-Magne Pedersen inn i statskyrkjevarmen.

— Det er fint. Eg er komen heim. Bakgrunnen min er i statskyrkja, seier Pedersen, dagleg leiar i Misjonen Jesus Leger.

Kreftsjuke, plattføtte, bekkenlause, døve, lamme - ingen plager er for små eller for store for evangelisten frå nord.

Dette vil folk ha med seg. Snart står det «fullt» på skiltet utanfor kyrkja med plass til 300. Ein mann med nakkekrage og prolaps må snu i døra.

— Eg satsar på å kome tilbake i morgon, seier han på veg ned kyrkjebakken.

Linda Sævdal (40) fekk ein av dei siste stolane bakarst.

— Eg har masse ryggplager, men veit ikkje om eg tør å gå opp. Det er så masse folk her, seier ho til BT.

Prøvd å vekke døde

Ein raud gåstol står parkert utanfor den kvite kyrkjeveggen. Kanskje for godt.

— Gud helbreder alt frå AIDS til vorter, seier Pedersen til dei frammøtte pressefolka like før møtestart.

— Ingenting er for smått, ingenting for stort. Gud kan også vekke opp døde gjennom menneske som ber.

— Har du sjølv prøvd å vekke døde?

— Eit par gonger. Ein død son, ein død far. «Kan du ikkje prøve?» bad familien, og det gjorde eg. Det finst ingen bibelske argument for å ikkje prøve.

Han har ikkje klart det enno, men har andre imponerande resultat på cv'en.

— Eg har ikkje ført statistikk, men eg har helbreda rundt 40.000-50.000 menneske. Minst like mange ikkje-kristne som kristne, hevdar Pedersen.

— Når eg ber for folk, er mitt utgangspunkt det same som legen sitt - at alle skal bli friske. Ikkje alle blir det. Eg kan lage ei liste på tretti punkt som forklarar kvifor - det kan vere indre problem, stengsel i predikanten eller atmosfæren. Men eg gir alltid folk håp, og seier velkomen tilbake. Og dei kjem tilbake!

- Heilt feil!

Berre ståplassar igjen. Stemninga er forventingsfull, nysgjerrig. Mange har gått ned i Menighetshuset like ved for å sjå helbredelsesmøtet på storskjerm.

Tobarnsmora Heidi Fosse har kome heilt frå Kløfta for at Pedersen skal gå i forbøn for henne. 42-åringen er uføretrygda på grunn av bekkenløysing og vond skulder.

— Eg såg Pedersen på Holmgang på TV2. Eg har aldri, aldri vore på noko slikt før. Men eg har prøvd alt, og er desperat. Fleire venninner er blitt helbreda av Pedersen. Dette har eg tru på.

Dét har ikkje Ingunn Morland på bakarste benk. Ho er medlem i kyrkjelydsrådet i Loddefjord.

— Dette er heilt feil! Pedersen er altfor karismatisk for statskyrkja. Vi har så mange andre, gode predikantar å ta av.

— Likevel kom du?

— Ja, eg burde kanskje latt vere. Men fordi eg sit i kyrkjelydsrådet, vil eg sjå korleis dette går føre seg. Om det blir så roleg som dei har lova at det skal vere.

Applaus for TV 2

Så står mirakelmannen der framme. Scenevant, med grå dress, slips og mikrofon.

— Eg er evangelist. Ein evangelist skyt frå hofta, og kan ikkje samanliknast med Thingnes og alle dei andre, seier han.

Folk ler. Tida er inne for å takke - TV2.

— Eg har vore tre gonger på Holmgang. Tenk at ein verdsleg tv-kanal tar helbredelse! Så det er ikkje dei kristne som har æra for at temaet har vore i fokus den seinare tida. Gje applaus for Oddvar Stenstrøm og TV 2!

Det er snart klart for puljevis forbøn. Tjue om gongen. Først dei med blå kølapp, så grøn, raud, rosa og kvit.

Det går mot ei lang natt i Loddefjord kirke. Pedersen seier at hans personlege møterekord er 16 timar. Det var tøft.

— Men eg er alltid den siste som går.

LEGEERKLÆRT MIRAKEL: I Loddefjord kirke i går kveld hevda Randi Øksnes at ho har fått synet igjen takka vere evangelisten Svein-Magne Pedersen. Også bekkenplager og plattføtter er borte vekk etter hans forbøn. Ho las høgt frå legeerklæringa, og viste fram gamle innleggssåler. - Evangeliet har to bein å gå på: Helse og frelse, kvitterte Pedersen. FOTO: TOR HØVIK