— Eg syntest det var underleg at heilt like saker kunne få så ulikt utfall. Her er det noko som ikkje stemmer, seier Farlora til Bergens Tidende.

— Lova skal jo vere lik for alle, skal den ikkje?

37-åringen kom til Norge frå Chile i 1988, og har budd i Lærdal sidan året etter. Der har han kone og tre barn, og fast arbeid som jernbindar i Veidekke. Miguel José hadde aldri vore i konflikt med norsk lov før han vart tatt for fartsoverskridinga i Lærdalstunnelen.

I retten erkjente han det han var sikta for, og gav ifølgje domsutskrifta ei tilståing utan atterhald.

— Eg ville ta mi straff, ville ikkje prøve å snike meg unna, seier han.

— Eg leverte førarkortet frå meg med ein gang politiet kravde det, medan advokaten fekk kjøre i fleire månader etter at han var tatt. Eg har også behov for å ha førarkort, det har også arbeidsgjevaren min stadfesta overfor retten, seier jernbindaren, som for tida pendlar mellom Lærdal og nabokommunen Aurland.

Ein kollega har overtatt kjøringa i dei sju månadene Miguel José har vore utan førarkort. Men no kan Miguel sjølv overta rattet i sin eigen bil. For akkurat i dag får han førarkortet tilbake.

— Eg har nettopp hatt fødselsdag. Dette blir nesten som å få den ein gong til, seier 37-åringen frå Lærdal.

MÅTTE LEVERE LAPPEN: I sju månader har Miguel José vore utan førarkort, etter at han vart knipsa av fotoboksen i Lærdalstunnelen. Ein rik advokat slapp langt lettare unna med ei identisk fartsoverskriding. Men no kan Miguel likevel smile, for i dag får han tilbake førarkortet og kan atter sette seg bak rattet i bilen sin.