Det er mykje rart på vegane. Ikkje minst i Hardanger. For fjorten dagar sidan kom ein polakk syklande over Hardangervidda frå aust. Det var ruskaver på vidda og brøytefolka førbudde seg på kolonnekøyring, melder Hardanger Folkeblad.

Gjekk rett forbi bommen

Syklisten sykla roleg forbi bilane som venta ved bommen. Forfjamsa brøytekarar såg på at polakken steig av sykkelen, gjekk rundt bommen og hoppa på sykkelen att. Han var bare kledd i olabukse og ein lett genser.

Brøytefolka fekk plukka han opp, men karen ville ikkje vera med. Politiet vart kontakta og polakken vart etterkvart overtydd om at Hardangervidda i snøstorm ikkje nett er som ein vårdag i Warszawa.

Blakk jobbsøker

Polakken hadde sykla frå Oslo og snakka berre polsk. Det viste og seg at han var fullstendig blakk og skulle til Bergen for å leite etter arbeid.

I tillegg til sykkelen hadde han berre litt gryn og nokre kjeks med seg, melder Hardanger Folkeblad.