Hoff gjekk sterkt ut i starten av saka, men nådde ikkje fram med kravet overfor rettens administrator, tingrettsdommar Steinar Velle.

Etter ei kort rådslåing på bakrommet, sette Velle retten på nytt med den korte meldinga om at også valdtektstiltalen blir å fremme til doms.

— Slik eg ser det, finst det ikkje heimel for å handsame denne delen av tiltalen, sa forsvararen.

Grunnlaget er dokument Hoff fekk tilgang til like før helga, som etter hans oppfatning viser at det ikkje er grunnlag for å realitetsbehandle dette tiltalepunktet.

Det dreier seg om Schengenkonvensjonen og europeiske utleveringsavtalar, og Hoffs ankepunkt går på at klienten ikkje vart godt nok orientert om kva han risikerte å bli tiltalt for i Noreg. Norsk politi brukte berre drapssiktinga som grunnlag, medan valdtekt og mishandling av Hedda Karterudseter ikkje var tema i utleveringsdokumenta.

— Min klient har aldri samtykka å bli utlevert til ein valdtektstiltale, sa forsvararen i retten.

Til Bergens Tidende seier Hoff at han vil vurdere om dette er ein sakshandsamingsfeil som kan utgjere eit sjølvstendig ankegrunnlag.

— Men først må vi høyre kva vurderingar retten har lagt til grunn, seier forsvararen.