Ferjesambandet Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella i Ytre Sogn er viktigaste trafikknutepunktet for øykommunen Solund. Det meir enn timelange sambandet er også ein av dei lengste ferjestrekningane i landet.

Sidan tidleg i 2003 har restaurantdrifta vore lagt ned. Kiosken gjekk med underskot. Etterpå har automatar med sjokolade, brus og kaffi vore servicen Fjord1 Fylkesbaatane yter sine reisande til og frå Solund.

I sommar kunne det blitt annleis. Paul Erik Færøy, som til dagleg driv Færøy feriesenter i Nord-Solund, ville starte opp att restaurasjonsdrifta.

Trist tur

— Alle som kjem til Solund syns det er veldig trist med ein så lang ferjetur utan anna serveringstilbod enn nokre automatar. Det ønskte eg å gjere noko med, seier Færøy.

Planen var å opne kiosken på M/F «Fjalir» tidleg i juni, for så å halde ope til midten av august.

— Eg hadde aldri dollarteikn i auga. Eg er realistisk, og trur ikkje det er dei store summane å tene. Men eg er overtydd om at eg skulle fått det til å gå rundt, seier Færøy.

Lenge såg det også ut til å gå i boks. Den første kontakten med fylkesreiarlaget i Sogn og Fjordane var positiv. Men så kom kravet om leige på bordet. Færøy ønskjer ikkje å seie noko om kor mykje Fjord1 Fylkesbaatane skulle ha. Berre at det blei for mykje:

— Det var ikkje råd for meg å satse så mykje for ein prøveperiode.

Kravde 10.000

Frå andre kjelder veit Bergens Tidende at ferjeselskapet ville ha 10.000 kroner i månaden for å leige ut restauranten. Dette tilsvarar det månadlege overskotet frå drifta av automatane der dei reisande kan kjøpe kaffi, brus og sjokolade. Selskapet har argumentert med at det er i sommarmånadene dei tener pengane som gjer det økonomisk forsvarleg å ha automatane ståande vinterstid. Kioskdrift vil redusere innteninga på automatane.

Ferjesjef Svein Solheim seier til Bergens Tidende at leigesummen frå deira side var eit utspel om forhandlingar.

— Men det er klart at her snakkar vi om ein person som skal leige vårt utstyr. Det må vi ha betalt for. Vi kan ikkje subsidiere hans drift.

— Kunne det ikkje vore ein tanke å sjå vekk frå dei trass alt relativt få tusenlappane som går inn i kassen, og heller satse på å gje reisande eit serveringstilbod?

— Det er ikkje det saka dreiar seg om. Vi må ha på plass ein totalpakke før vi går inn på ein slik avtale.

— Er Fjord1 Fylkesbaatane framleis innstilte på forhandlingar?

— Ja, vi har komme med eit tilbod som er meint som eit utgangspunkt, svarar Solheim.

Heilskap

Det vekte sterke reaksjonar då kiosktilbodet blei kutta både på Solund-ferja og fleire andre samband i Sogn og Fjordane for vel to år sidan. Ordførar Gunn Åmdal Mongstad seier dei er orienterte om at utspelet om kafédrift har stranda, og syns det er trasig.

— For oss handlar dette om heilskap. Turisttrafikken til Solund er veksande. Men det er ikkje noko spesielt godt signal når førsteinntrykket av kommunen er ein lang ferjetur utan anna serveringstilbod enn automatar, seier Mongstad.

Ho legg til at det sjølvsagt også er trasig for kommunens eigne innbyggjarar, som trass alt er største brukarane av ferjesambandet. At det ikkje nett er flust med serveringsstader nær ferjeleia, meiner ho er eit argument som tel for at det burde vore eit tilbod på ferja.

— Eg har sjølv vore i den situasjonen at vi måtte står over ei ferje på Krakhella. Vi fekk ikkje kjøpt oss skikkeleg mat før vi kom til Knarvik. Då var det gått seks timar sidan vi ikkje kom med ferja, fortel ordføraren.