Det var litt før klokka tre i natt, den 39 år gamle karen fant at tida var inne for å vitja eit familiemedlem på sjukeheimen.

— Han banka på glas og dører og ville inn på sjukeheimen. Mannen var godt rusa og var ikkje velkomen på sjukeheimen på denne tida av døgnet, fortel politioverbetjent Lars Fykse på Voss lensmannskontor til bt.no.

Politiet måtte henta mannen og sat han i arresten på Voss i natt. I dag tidleg slapp han ut. Med seg fekk han eit førelegg på 2.500 kroner for bråk og rus.

— Han er så gamal at han burde veta betre enn å vekkja opp eldre folk på den tida av døgnet, meiner Fykse.