No er kvinna i 40-åra dømt til 18 dagars fengsel i Gulating lagmannsrett etter køyreturen på Mannhellervegen i mars i år, melder NRK Sogn og Fjordane.

Kvinna og sonen var på øvingskøyring, og ifølgje kvinna var føremålet med køyringa i 144 km/t å vise kor raskt ein moderne bil akselererer. Sonen hadde akkurat teke teoriprøven.

— Køyreturen skulle virke preventivt, forklarte ho ifølgje NRK.

Ho heldt den høge farta berre ein kort periode, men likevel nok til at politiet fekk målt den. Like etter vart ho stogga. Politibetjentane som var på staden var overraska over forklaringa dei fekk frå kvinna.

— Det er veldig bra at nye førarar får så mykje timar som mogleg og at foreldre og andre familiemedlemer bistår. Men dette er eit eksempel som ikkje bør etterfølgjast, seier Leon Nordanger, distriktsleiar i UP vidare til kanalen.

— Dei vart veldig forbausa, og eg har aldri høyrt ei slik forklaring før. Samstundes skal kvinna ha at ho har vore ærleg heile vegen, seier Nordanger vidare.

Sogn Tingrett dømde kvinna til samfunnsstraff, men saka vart anka til lagmannsretten. Dei har no dømd henne til fengsel i 18 dagar. Ho mister og sertifikatet i 15 månader. Kvinna har erkjent forholdet.