Det gjekk litt for fort, då Jorid Kvinge køyrde forbi ein fotoboks ved Fana kyrkje den 20. januar i år.

— Då eg såg at det blinka, tenkte eg: Oj, no køyrde eg for fort. Men har eg gjort ein tabbe, så har eg gjort ein tabbe. That's it, seier 65-åringen til BT.

Berre få dagar seinare dumpa eit forenkla førelegg ned i Kvinge si postkasse på Fammestad i Lindås. Farten på Opel Corsa'en hennar var målt til 66 kilometer i timen i 60-sona. Svart på kvitt stod det: «For overtredelsen ilegges De 1200 kroner, subsidiært fengsel i tre dager».

Kvinge var ikkje i tvil: Ho ville ha tre dagar bak murane. Men så enkelt var det ikkje, skriv avisa Nordhordland.

Følte seg pressa

Kvinge skreiv eit brev til Hordaland politidistrikt. Der bad ho om at saka gjekk til vanleg straffesaksbehandling, og at ho ønskte fengsel i tre dagar.

— 1200 kroner er masse pengar for meg, og fengsel ville vere ei ny og interessant erfaring, seier minstepensjonisten, som aldri har sett sine bein i eit fengsel før.

Men det gjekk ikkje mange dagane før ein førstesekretær frå politidistriktet var på tråden. Ho opplyste om at Kvinge ikkje kunne velje fengsel framfor bot. Det kan berre personar utan midlar.

— «Det står ingenting om det her», sa eg. Då fekk eg til svar at det ville bli veldig dyrt for meg, dersom eg ikkje godtok førelegget. Saka ville bli meldt, og eg måtte rekne med å betale sakskostnadane sjølv. Eg følte meg nesten truga til å skrive under.

- Godt av vatn og brød

Så det gjorde Kvinge, og dermed har ho også godteke bota.

— Eg har ikkje fått giroen i posten enno, men den kjem nok. I ettertid er det jo nesten litt morosamt, seier ho til BT.

— Men aller helst ville du hatt tre dagar med vatn og brød?

— Ja! Eg hadde hatt godt av det óg, ler Jorid Kvinge.

65-åringen er langt frå den første som ber om å få sone istadenfor å betale.

— Vi får nokre førespurnadar kvar månad. Alle får nei. Bot eller fengsel er ikkje valfritt, seier trafikkoordinator Inge Nordstrønen i Hordaland politidistrikt.

— Det er vel ikkje så rart at folk kan tolke ordlyden «subsidiært fengsel» slik?

— Kanskje ikkje, men det er uansett berre nokre få som vurderer fengsel som alternativ. Dei aller fleste vil betale.

Svært få i fengsel

Nektar du å betale ei fartsbot, går saka til vanleg straffesaksbehandling. Men før det går så langt som til fengselstraff, vil Statens innkrevingssentral (SI) prøve å få inn pengane på andre måtar.

Sentralen i Mo i Rana kan trekke deg i løn eller trygd, eller ta pant i bil eller hus. Som regel er det berre personar heilt utan midlar som hamnar bak murane.

— Nesten ingen soner for fartsbøter, seier SI-direktør Per Waage til BT.

— Folk som har problem med å gjere opp for seg, får tilbod om å betale i rater. Etter takstauken 1. februar kjem nok fleire til å be om dette.

VILLE HELLER HA FENGSEL: Jorid Kvinge ville heller ha tre dagar med vatn og brød, enn å betale fartsbota på 1200 kroner. - Det er masse pengar for meg, seier den uføretrygda 65-åringen. Men ho får ikkje lov å gjere opp for seg i fengsel. <p/>FOTO: GRO ANETTE FANEBUST KITTANG/NORDHORDLAND