Leiar i Sogndal Fotball, Gunnar Solbakken, seier at dei har handtert ei sak som går på Øbergs rolle i fotballturneringa, og det omstridde vedtaket i Helse Førde om å samle føde— og akuttfunksjonar i Førde. Han vil ikkje seie noko om det konkrete innhaldet i trugsmålet, men ifølgje avisa Firda skal ein profilert fotballeiar ha truga med å stogge turneringa dersom Øberg var i dugnadsgjengen.

— Vedkommande fekk klar melding om at dette var uakseptabelt, seier Solbakken.

Turneringa, som blei avvikla i helga som var, er av dei største i landet. Kring 4000 jenter og gutar frå 11 til 14 år tek del. Sogndal Fotball arrangerer cupen der Clara Øberg har vore funksjonær i 20 år.

Helse Førde–toppen blei orientert om hendinga på førehand, men stilte på dugnadsjobb i sekretariatet.

— Eg tykkjer det er trist at folk ikkje klarer å skilje sak frå person. Eg hadde ikkje drøymt om å bli utsett for slikt. Eg har bestemt meg for at slikt ikkje skal få styre livet mitt, seier Øberg som også tidlegare har fått trugsmål retta mot seg.