Før jul i fjor kunne BT avsløre at Fjell kommune hadde seld ei særs rimeleg tomt til mor til varaordføraren, utan å varsle den tidlegare grunneigaren som i fleire år hadde søkt om å få kjøpe tomta tilbake.

Politikarane som hadde godkjent salet var ikkje klar over kven kjøparen var, og varsla juridisk gjennomgang av saka.

I førre veke la kontrollutvalet i Fjell fram sin gjennomgang av saka, og der er kritikken knusande:

«Administrasjonen (...) handla klart i strid med god forvaltningsskikk ved at saka ikkje vart tilstrekkeleg opplyst og at ein ikkje varsla andre interessentar om salet».

Kan bli heva

Saka kjem no opp i kommunestyret 21. september, og der vil Framstegspartiet krevje at salet blir heva.

— Den einaste løysinga er å få til eit tilbakekjøp av eigedomen, og selje den tilbake til han som hadde prøvd å få kjøpe han i ti år. Det er det moralsk rette, seier Øyvind Herland, som sit i kommunestyret for Frp.

Han seier rådmann Steinar Nesse har teke til orde for ei slik løysing. Det avviser Nesse.

— Når komiteen behandla saka i januar sa eg at vi kan sjå mange typar løysingar, men eg har ikkje sagt at den einaste løysinga var å kunne oppheve salet og selje vidare, seier han.

- Utnytta ikkje rolle

Kontrollutvalet har ikkje funne noko som tyder på at varaordførar Espen Villanger skal ha utnytta si rolle til fordel for mora. Det har mannen som i ti år ikkje fekk kjøpe tomta, Hans Gunnar Våge, fleire gongar antyda.

Espen Villanger seier han er glad for den konklusjonen, men at han elles ikkje har involvert seg i saka.

Villanger har no varsla at han ikkje vil stå på Ap-lista til neste års kommuneval. Men han avviser at det har noko med tomtesaka å gjere.

— Nei, absolutt ikkje. Alle som deltek i det offentlege livet må rekne med at det kan kome ubehagelege saker, sjølv om ein ikkje har gjort noko som fortener slikt fokus, seier han.

Det er ny jobb som gjer at den 34 år gamle forskaren no trekk seg ut av politikken, seier han sjølv.

— Eg har tre års erfaring med å ha vore varaordførar samtidig som eg har hatt ein del reiser i forskingsjobben. Og når eg går glipp av politiske møter og ikkje kan stille opp mister ein litt av den politiske spenninga, seier han.

Villanger går no frå å vere seniorforskar på Christian Michelsens Institutt (CMI), til å bli forskingsleiar same stad.

GJEV SEG: Espen Villanger har fått ny jobb som leiar for fattigdomsforskinga på CMI, og har takka nei til å stille på Ap-lista til neste års kommuneval. ARKIVFOTO: GIDSKE STARK
Bergens Tidende