• Før var det ville tilstandar, no føregår salet av fyrverkeri i mykje meir ryddige former, seier overbrannmeister Rune Johnsen. Gårsdagen brukte han på fyrverkerikontroll.

Brannvesenet sjekka alle dei 130 godkjende fyrverkeriutsala i Bergen for å kontrollera at salet gjekk korrekt føre seg. Ingen utsal vart stengde, mindre manglar vart retta opp der og då.

På Rema 1000 på Wergeland er det Camilla Tunes som er fyrverkeriansvarleg. Rune Johnsen sjekkar at ho er til stades ved fyrverkeridisken, og ho må henta fram beviset på at ho har gått på fyrverkerikurs og sett seg inn i gjeldande lover og reglar. Camilla har orden i sakene, men må vedgå at ho har gløymt å syta for brannsløkkingsutstyr ved disken. Pulverapparatet kjem straks på plass og kontrolløren er nøgd.

Over disk

Reglane seier at sal av fyrverkeri skal gå føre seg over disk, ved eigen disk. Sjølvbetjening er ikkje lov. Når eit kjøpesenter har meir enn fem forretningar, må salet av fyrverkeri skje ute. Frå 2008 blir det forbode å selja fyrverkeri i butikkar som har bustader i etasjane over seg.

Den lovendringa vil råka Wergeland Jernvare, som har stor omsetjing av fyrverkeri. Kundane står i kø frå fortauet og inn. Ein vektar står i døra og slepper inn to og to.

— Somme kjøper mykje, men mitt inntrykk er at mange har teke skrekken av alle skadane, og er blitt meir medvitne om faren ved bruk av fyrverkeri, seier Per Fløysand, som står bak disken. Dei fleste handlar rakettar og markfyrverkeri for eit par hundre kroner i snitt, seier han.

— Korleis vil kundane dine reagera om det skulle bli forbod mot bruk at fyrverkeri?

— Så lenge det er lov å bruka markfyrverkeri, trur eg ikkje folk flest vil seia mykje på det, seier han.

Aldersgrense 16 år

Overbrannmeisteren minner om at også det meir uskuldige markfyrverkeriet kan gjera skade.

— Når det gjeld fyrverkeri, er ingenting ufarleg. Det er krut vi har med å gjera og høge temperaturar, alt dette må behandlast med respekt. Ingen under 16 år har lov til å bruka nokon type fyrverkeri, seier Rune Johnsen.

— Somme vil meina at dette er veldig strengt, men om foreldre let yngre born handtera markfyrverkeri, står dei sjølve ansvarlege om skade skulle skje, seier han.

Alle som kjøper fyrverkeri i år får utdelt gratis vernebriller og ei rettleiing om bruk.

— Til og med av stjerneskot har vi sett at det blir mange småskader. Vår oppfordring er at vernebrillene blir brukt også ved tenning av stjerneskot, seier overbrannmeisteren.

.

Deisz, Ørjan