Politiet hadde store problem med å finna ut kven som var ansvarleg for festen der det var slagsmål og svært mykje fyll av blant anna mindreårige.

Politibetjent på Fjell og Sund lensmannskontor, Gustav Landro, seier til Kystradioen at politiet hadde store problem med å finna ein edru person som kunne gjera greie for kven som var ansvarleg for festen.

Politiet hadde også problem med å koma seg ut frå området ettersom folk sperra politibilen inne ved å nekta å fjerna seg.