Avrøystinga på måndag ga eit så jamt resultat som mogleg. 224 røysta for bokmålsundersvining i Kyrkjekrinsen, medan 223 røysta nynorsk.

I Hordvik var det også jamt, men eit noko større fleirtal for bokmålsundervisning. Myklebust seier til Kystradioen at det er kome meldingar om at den tekniske gjennomføringa av valet ikkje har vore god nok.

Han vil fram til møtet i bydelsstyret vurdera om det er grunnlag for omval.