I Hordaland er Loneelvi, Alsåkerelvi, Rylandselva, Guddalselva, Øvstedalsvassdraget og Hesjedalsvassdraget plassert på den nye vernelista.

I Sogn og Fjordane kan det gå mot vern av åtte vassdrag. Dei åtte er Nausta, Erdalselva, Nærøydalselvi, Indre Offerdalselvi, Gjengedalsvassdraget, Storelva i Skjerdalen, Sørebøelva i Guddalsvassdraget og Ytre Offerdalselvi.

Verneframlegget er lansert av ei styringsgruppa med medlemer frå Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE) og Direktoratet for Naturforvaltning. Gruppa arbeider med å supplere Verneplan for Vassdrag. Den siste verneplanen blei vedteken av Stortinget i 1993. Totalt vil styringsgruppa verne 63 vassdrag over heile landet. Årsaka er å hindre kraftutbygging. Framlegget vil garantert skape reaksjonar.

Mellom vassdraga det vil bli ny debatt om er Nausta og Gjengedalsvassdraget i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) har utbyggingsrettane til dette vassdraget. Sjølv om det blei vurdert å verne Nausta/Gjengedalen også i samband med siste verneplan, har SFE aldri gitt opp håpet om å få til kraftutbygging. Ei utbygging her vil kunne forsyne 35.000 husstandar med straum.

Framlegget skal no ut på høyring med frist på ti veker. På bakgrunn av høyringsrunden vil NVE komme med si innstilling til departementet innan utgangen av januar 2003.