Villreinmiljøet rundt Vidda er framleis i opprør etter at Direktoratet for naturforvaltning la til side Villreinnemnda si tilråding om totalfreding i år.

Fredag møttest over 20 utsendingar for grunneigarar, villreinrådet og fjellstyre på Halne fjellstove for å drøfta den tilspissa situasjonen.

— Vi har peika ut personar som saman med ordførarutvalet skal ta kontakt med Miljøverndepartementet for å få gjort om direktoratet sitt vedtak. Dersom det ikkje fører fram, vil vi sjå på kva juridisk høve vi har til ikkje å dela ut jaktkorta som blir sende ut til jaktvalda, seier Johnny Vikne, leiar i Odda fjellstyre til Bergens Tidende.

Advokathjelp

Jaktinteresserte advokatar deltok óg på møtet på Halne fredag. Dei skal hjelpa til med å sjå på dei juridiske sidene i saka, for blant anna å finna ut om direktoratet sitt vedtak i det heile er råd å anka.

— Vi meiner at direktoratet har fatta vedtak på feil grunnlag. Dessutan er lokalinnbyggjarane sitt syn sett heilt til side. Etter at det lokalt er utført eit grundig og omfattande arbeid før konklusjonen om å tilrå totalfreding, overser direktoratet alt dette. Dei puttar oss i skammekroken, seier Johnny Vikne.

Villreinjakta startar 20. august. I fjor blei det gitt fellingsløyve for 2500 dyr, rundt 1400 blei felt.

Det er 30 år sidan villreinstamma på Hardangervidda sist var freda for jakt. Etter fredingane i 1972 og 1973 vaks stamma kraftig.

I vinter vart villreinstamma på Vidda talt til rundt 4500 dyr. Så lite har ikkje talet vore dei siste 50 åra. Villreinutvalet ønskjer at stamma skal veksa med tusen dyr ved ei totalfreding. Målet er ein tilsvarande årleg vekst opp mot rundt 11.000 villrein.