— Vi reiser til Måren i dag for å sjå på tilhøva saman med lokale målsmenn, og er innstilt på å koma til semje, seier seniorrådgjevar Ingvald Midtun i BKK til Bergens Tidende.

Motekspertise

Grunneigar Ivar Orvedal hadde i går besøk av tunge motekspertar, mellom anna frå Arkitekthøgskulen i Bergen, som har signalisert vilje til å bruka Måren sitt kulturlandskap i undervisninga. Orvedal har også gått i brodden for å skipa Måren Grendalag med ivaretaking av historie, kulturlandskap og miljø som sentrale punkt i føremålsparagrafen. Men laget skal også arbeida for utvikling og ny aktivitet i grenda når dette samsvarar med laget sitt føremål.

Ja takk, begge deler

Etter det Bergens Tidende får opplyst er det brei semje om å få eit nytt småkraftverk i grenda. Det kan sikra vedlikehald av ferjekai og lokalveg. Men BKK sitt framlegg til plassering, «midt på den finaste sandstranda ved Sognefjorden», har falle både grendafolket og hytteeigarar tungt for brystet.

— «Midt på» er vel ei overdriving. Vi held oss i utkanten, mellom ferjekaien og nokre naust i enden av badestranda, seier Midtun, men innser at dette kan vera for nær for mange.

Han trur at dei synfarande i dag vil vera opptekne av å finna alternativ plassering på andre sida av ferjekaien.

Små marginar

— Problemet er at det ikkje skal gjerast store vrien før prosjektet ikkje lenger er lønsamt.

Nokre millionar kroner ekstra gjer stort utslag på eit så lite prosjekt, seier seniorrådgjevaren. Planlagt utbygging er kostnadsrekna til 35,5 millionar kroner.

Planen går ut på å bygga opp att den seks meter høge og 15 meter lange dammen i gamle Måren Kraftverk, som gav opp ånden i 1983. I staden for kraftstasjon eit stykke oppe i lia, skal det byggast ny nede i sjøkanten. Det aukar fallhøgda til 295 meter, og kan med ein 6,5 megawatts generator produsera 26,4 GWh årleg, om lag halvparten vinterkraft.

Snorbeint

BKK vil av estetiske omsyn føra vatnet ned gjennom eit nedgrave røyr, og har funne ei svært gunstig låm, snorbeint i eit lite dalsøkk. Problemet er at dei endar opp kloss i badestranda.

— Det er slett ikkje umogeleg å laga krokar på røyret, men det føreset forankring i solide fundament. Det skal ikkje mykje slikt til før kostnadane aukar kraftig, påpeikar Midtun.

Han har registrert eit lokalt ynskje om å plassera kraftstasjonen heilt borte ved den naturlege elveosen, men er redd for at den løysinga blir for dyr. BKK vil i dag vera ute etter rimelege mellomløysingar, som dei kan rekna nøgnare på.

Bondefangeri

BKK har utarbeidd planane etter førespurnad frå Høyanger kommune, som har kjøpt fallrettane til det gamle kraftverket.

Advokat Ottar Dyrkolbotn i Lindås, som har laga eit notat om saka, hevdar at grunneigarar og andre bygdefolk i Måren vart bondefanga av kommunen då fallrettane vart selde for 47.000 kroner. Skøytet er tinglyst så seint som i april i år. Etter advokaten si vurdering er verdien rundt fem millionar kroner, og han antydar at ei rettsak for å få handelen kjent ugyldig, kan vera aktuelt.