— Vi håpar på råd frå fagmiljøet, seier Magnar Dalen, sakshandsamar for fisk hos vasskraftutbyggjaren.

Leiar for elveeigarane i Aurland, Bjørn Vike, kravde i gårsdagens utgåve av Bergens Tidende at kultiveringsarbeidet må ta til att snarast. Han meiner det ikkje er å leve med at to forskingsrapportar kjem fram til fundamentalt ulike konklusjonar om fiskemengda i vassdraget. Vike vil setje ut rognkassar og ha drift i eit nytt klekkeri snarast. Han meiner det ikkje er tid til å vente på at forskarane skal bli samde.

Det er E-CO som gjennom utbyggingskonsesjonene har fått ansvar for å kontrollere utviklinga i bestanden og drive kultivering i Aurland. Selskapet betaler også store deler av forsøket som no i sommar blir gjort i Daleelva i Vaksdal. Magnar Dalen seier det var etter råd frå forskarane at utsetjinga av fisk blei stoppa for nokre år sidan.

— Rådgivende Biologer meinte elva var fullt ut i stand til å reprodusere seg sjølv, seier Dalen.

Sjølv om det no har komme ein ny granskingsrapport som stiller spørsmål ved denne konklusjonen, vil Dalen vente på svar frå sommarens forsking i Daleelva.

— Vi har ikkje kompetanse til å overprøve forskarane, og meiner at Direktoratet for Naturforvaltning vil måtte ta rollen som dommarar i denne saka.