I samarbeid med grunneigarane skal fjellandsbyen utviklast til eit heilårleg fritidsreisemål. Tre-fire arkitektteam vil bli plukka ut etter ei førehandskvalifisering med påmeldingsfrist 25. mars.

Tevlinga er slett ikkje avgrensa til arkitektar som skriv nynorsk. Her kan det bli internasjonal deltaking. Kravet er at materialet skal leverast på skandinavisk språk.

Voss Fjellandsby har i dag fire skitrekk, eitt skiband, om lag 150 hytter, 110 fritidshusvære, varmestove og eit lite hotell. No vil dei også byggja eit serviceområde med handel, tenesteyting og fleire overnattingsstader.

MEIR ENN SKISENTER: Kari Traa opna det øvste skitrekket i Myrkdalen. No vil Voss Fjellandsby gjera seg attraktiv for sommarturistar også.ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH
Bergens Tidende