Kraftverket grunngjev utbygginga med at dei ønskjer å redusere tapet av flaumvatn, og minske faren for skadeflaumar i Lundeelva som renn ut i Jølstravatnet.

Kraftutbygginga i Jølster er sterkt omstridd, mellom anna fordi delar av utbygginga går føre seg innanfor grensene til Jostedalsbreen nasjonalpark. Naturvernorganisasjonar engasjerte seg kraftig mot planane, og fekk Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE) på si side. Dei rådde frå utbygginga. Uvanleg nok gjekk regjeringa mot eit eige fagorgan, og etter ei lang og turbulent sakshandsaming gav Bondevik-regjeringa grønt lys i mai 2004.

Nesten på is

I følgje søknaden, som no er til handsaming i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), ber Kjøsnesfjorden Kraftverk om løyve til å erstatte ei pålagd minstevassføring frå Langevatnet, med naturleg avrenning av vatnet som er att i dette nedbørsfeltet etter utbygginga. Dei vil også endre manøvreringa av Trollevatnet, eit anna omstridd fjellvatn i utbyggingsområdet.

Sist vinter var Sunnfjord Energi nær ved å leggje utbygginga på is på grunn av kostnadene. Men etter at BKK kom med på eigarsida, tok arbeidet til i vår.

Ferdig i 2010

Dei komande fire åra skal det brukast 700 millionar kroner på å byggje nær 20 kilometer tunnelar og sjakter i fjella rundt Kjøsnesfjorden, demning ved Trollevatnet og kraftstasjon på 70 MW ein kilometer inne i fjellet mellom Lunde og Søgnesand.

Jølster-prosjektet er ei av dei største vasskraftutbyggingane i landet for tida. Etter planen vil verket vere i drift i 2010 med årleg produksjon på 240 millionar KWh. Går den nye søknaden gjennom, vil kraftproduksjonen auke med 20 GWh. Når det står ferdig skal kraftverket produsere bortimot 250 GWh, det tilsvarar forbruket til godt over 20.000 menneske.