— I første omgang ønskjer eg at den formelle klagefristen skal haldast. Men i utgangspunktet meiner eg institusjonen i Lavik burde vore i drift til den nye sjukeheimen i Høyanger står ferdig om to år, seier Høgre-politikar Oddvar Østerbø.

Flytta før fristen

Pasientane og dei pårørande blei informert om overføringa frå sjukeheimen i Lavik til Kyrkjebø i eit brev dei mottok kring 1. mars. I brevet blir det gjort klart at flyttinga skal skje torsdag i denne veka. Men samstundes blir dei pårørande orientert om at dei har fire veker klagefrist. Flyttinga skal altså skje før klagefristen har gått ut.

— Vi må i alle fall vente med å gjennomføre dette til fristen har gått ut og klagene er handsama. Samstundes meiner eg også den funksjonshemma kvinna bør få eit tilbod i Lavik-området, seier Østerbø.

Ikkje omkamp

Då kommunestyret sist haust vedtok å leggje ned sjukeheimen i Lavik, røysta Høgre mot. Men overfor Bergens Tidende understrekar Østerbø at han ikkje er ute etter omkamp.

— Vedtaket om at sjukeheimen skal leggjast ned er fatta. Å gjere om på det, ser eg ikkje som realistisk. Men denne saka har menneskelege sider som må handterast smidig. For meg kan det sjå ut som om administrasjonen har køyrt vel hardt i svingane.

Utsetjing i to år

Til Bergens Tidende seier Østerbø at han helst hadde sett at heile sjukeheimsavviklinga hadde blitt utsett til den nye sjukeheimen i Høyanger står ferdig i 2004.

— Basert på folketal og alderssamansetjinga skulle Høyanger hatt 85 sjukeheimsplassar. I dag har vi 64, seier Østerbø

Med ei utsetjing på to år ville det også vore avklara om det blir noko av den private sjukeheimen helselaget arbeider for å få byggje i Lavik.

Østerbø seier han kjenner seg trygg på at Høgre sine to i formannskapet og Senterpartiets representant vil støtte eit framlegg om å utsetje flyttinga. Dermed er tre av dei sju i formannskapet for utsetjing.