Svar som dette har Bergens Tidende fått mange av gjennom samtalar med ordførarar og lokallagsleiarar i Hordaland og Sogn og Fjordane dei siste dagane. Kristeleg Folkeparti har hausta rekordlåge galluptal i det siste. På grasrota reagerer mange tillitsvalde med frustrasjon og sinne over at partiet vert straffa for ein kommune— og distriktspolitikk partiet eigentleg ikkje står for.

— Eg sa det i valkampen i fjor. Eg trur ikkje det var klokt av partiet å gå i regjering med Høgre, seier Lorentz Lunde, som er ordførar i Tysnes. Lunde er ein av dei KrF-ordførarane som gått lengst med open kritikk av Bondevik-regjeringa sin politikk.

Utkantane må lida

— Det var ikkje Sem-erklæringa vi gjekk til val på, men sentrumsalternativet. Der er det viktige skilnader, særleg i distriktspolitikken. No har vi ei regjering som går inn for private løysingar og som trur at marknaden kan styra alle ting. Dette har negativ effekt for distrikta, for marknaden gjev først og fremst fordelar til sentrale strok. Då må utkantane lida, seier Lorentz Lunde.

Men Lunde slær ikkje berre mot Høgre. Han langar og ut ein rett venstre mot landbruksminister Lars Sponheim.

— Landbrukspolitikken til regjeringa vil føra til at det neste år vert 800 færre bruk i Hordaland. På sikt vert resultatet at strukturen i mange lokalsamfunn går i oppløysing.

Moralsk og etisk problem

Lunde vil likevel ikkje seia rett ut at KrF bør trekkja seg frå regjeringa.

— Eg har tiltru til at dei som styrer partiet gjer dei val som er til det beste.

Det har og ordførar Marit Aase i Samnanger, seier ho.

— Eg er ikkje så kritisk som Lorentz Lunde til samarbeidet med Høgre, men når kommunalminister Erna Solberg (Høgre) skuldar kommunane for å ha kome for seint i gang med omstilling og effektivisering, så kan eg berre syna til at vi i Samnanger var ute med for eks. flat administrativ struktur alt frå perioden 1994-97, seier Marit Aase.

For stor slitasje

Bjørn Atle Drange, leiaren i KrF sitt lokallag i Os, er meir direkte.

— I utgangspunktet meinte eg det var bra med ein sving mot høgre, men no er slitasjen rett og slett for stor. Bondevik bør kasta inn handkleet snarast. Partiet vil tena mykje meir på å profilera seg i opposisjon, enn å vera underlagt Framstegspartiet, slik det no er.

Arnvald Risøy, lokallagsleiar i Lindås og tidlegare ordførar, delar Drange sitt syn.

— Kristeleg Folkeparti går for mykje på akkord med sitt eige program i distriktspolitikken. Her kjem partiet opp i eit etisk problem, seier Risøy.

Ap, ikkje tale om

Partiveteranen Hans Olav Tungesvik i Etne, med mange års røynsle frå Stortinget, meiner og at KrF i det lange løp ikkje er tent med å sitja i regjering saman med Høgre.

— Det ville likevel ikkje vera rett å kasta korta no, midt i ein budsjettprosess, seier han.

— Kva med å gå i regjering saman med Arbeidarpartiet?

— Ikkje tale om i dei næraste åra. Der er det altfor stor avstand m.a. i familiepolitikken, i synet på friskular og i kulturpolitikken.