Eksingedalen Bygdaråd ber fylkesmannen setja i gang utgreiing etter Inndelingslova av 2001 med sikte på endring av kommunegrensene.

– Grunnen er at dalen har stagnert som ein utkant i Vaksdal kommune. Vi kjenner oss nærare knytt til Modalen, ikkje berre geografisk, seier leiaren i bygderådet, Liv Anne Bergo.

Lykkeleg som liten

Rådsleiaren understrekar at Eksingedalen er rik på ressursar og verdiar, men lita av det kjem dalen til nytte.

– Eksingedalen er meir lik Modalen enn resten av Vaksdal, og eg trur vi kan få til meir utvikling saman med dei. Vi nyttar oss no av den retten som lova gir oss – å be fylkesmannen greia ut om dette kan vera ei betre løysing, seier Bergo.

I utgangspunktet gjeld kravet den delen av Vaksdal kommune som ligg nord for tunnelen til Modalen (like sør for Høvik). Men rådet har sendt kopi til Eidsland grendelag, i tilfelle dei vil vera med.

Eksingedalen har om lag 200 innbuarar og Modalen kommune nær 360. Sjølv om Eidslandet sluttar seg til, vil folketalet neppe koma mykje over 700. Men det blir ein søkkrik kraftkommune i høve til folketalet.

Smular

Inntekter frå kraftproduksjonen i Eksingedalsvassdraget åleine gir om lag 20 millionar kroner til Vaksdal kommune årleg.

Det kommunen har investert i dalen dei siste 20 åra, utanom det lovpålagde, reknar bygderådet opp slik:

  • Lita grusbane på Bergo, utan garderobeanlegg.
  • Lite tomteområde på Lavik (Vetlestølen) kjøpt. Ingen konkrete planar for bruk.
  • Tre bruer bygt, av desse to på skogsbilveg.
  • Deltaking i spleiselag for mobildekning i halve dalen.

Samla over 20 år kjem ein ikkje i nærleiken av kraftinntektene for eitt enkelt år.

Fiberkabel til breiband har bygdarådet ordna sjølv, gjennom klage til Post— og teletilsynet om dårlegaste telefondekninga i heile landet.

Lite å skryte av

Vaksdal formannskap gjekk no i november inn for å løyva 200.000 kroner til Øksendalsvegen, sjølv om pengane ikkje står på langtidsbudsjettet eller rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett. Dette utgjer ein prosent av 20 millionar kroner. Og bygdarådet minner om at vegen har så bratt stigning at bilane må dragast med traktor om vinteren. Krav om utbetring vart reist i 1982. På dei 25 åra som har gått, har det kome fire nye initiativ frå grunneigarane, ingen frå kommunen.

Bygdarådet gjer opp status slik:

  • Det ligg ikkje føre nokon kommunal plan for utvikling av Eksingedalen som inneheld konkrete tiltak.
  • Dalen har ikkje noko kommunalt bygg utanom skulen.
  • Her er ikkje noko næringsbygg eller planar om slikt.
  • Det finst ikkje kommunale aldersbustader, gjennomgangsbustader til ungdom eller planar om slikt.
  • Det finst ikkje nokon kommunal infrastruktur med vatn og kloakk.
  • Det finst ingen reguleringsplan for nærings- eller bustadområde.

Langt til Dale

– Det er rett og slett for langt frå Eksingedalen til kommunesenteret på Dale og mange av dei kommunale tilboda i Vaksdal kommune, seier bygderådsleiaren.

Folk i Dalen bruker Voss som sitt eine sentrum, og Modalen som sitt andre. Derifrå går vegen vidare til Knarvik og Bergen. I realiteten reiser eksingedølene til Dale berre når dei har ærend på kommunale kontor. Frå øvst i dalen tek det halvannan time. Vegen er smal og kronglete, og særs vanskeleg på vinterføre.

Bør Eksingedalen bli ein del av Modalen? Sei di meining her.

FÅR LITE TILBAKE: - Eksingedalen er rik på ressurser og verdiar, men lita av det kjem dalen til nytte, meiner leiar i Eksingedalen Bygdaråd, Liv Anne Bergo.
SVEIN ULVUND