• TENKJE NYTT: Framtidige elevar ved Nordahl Grieg vidaregåande skule kan få tilbod om engelsk undervisning i samfunnsfag, geografi og naturfag. - Me må tenkje nytt om undervisning, og dette trur me kan vere ein enkel måte å gjere elevane flinkare i engelsk på, seier Anita Jensen, avdelingsleiar for studiespesialisering ved skulen.

Vil undervise på engelsk

To vidaregåande skular i Hordaland søkjer om å få undervise mellom anna historie og naturfag på engelsk. Det vil gi elevane betre ordforråd, meiner dei.