I ein rapport frå verdsarvrådet blir det slått full alarm om attgroinga i det vestnorske fjordlandskapet, som i fjor blei tatt inn på Unescos prestisjetunge verdsarvliste. I begge dei to fjordområda som er med i verdsarvområdet, Nærøyfjorden i Indre Sogn og Geirangerfjorden på Sunnmøre, er landbruket i sterk tilbakegang. Tre og busker er i ferd med å ta over for kulturlandskapet, først og fremst som følgje av at dyretalet har gått tilbake. Berre fleire gardsbruk i drift og fleire beitedyr kan stoppe utviklinga, slår rapporten fast.

Treng millionar

Verdsarvrådet kjem med framlegg om ei rekkje tiltak som i siste instans kokar ned til at bøndene må få betre betalt, dersom det skal bli interessant å halde fram gardsdrifta, eller få til ny drift på bruk som er blitt lagde ned. Analysar av rekneskapen til bøndene som framleis driv i Geiranger, viser at dei har ei lønsevne på kring 50 kroner timen.

— Målsetjinga med tiltaka er at det skal vere like lønsamt å nytte arbeidskrafta i jordbruket, som i andre næringar som konkurrerer om arbeidskrafta. Utgangspunktet for tiltaka er å heve lønsemda i jordbruket til 150 kroner timen, heiter det i rapporten.

Samla vil det kvar einaste år vere nødvendig å bruke meir enn ti millionar kroner i verdsarvområdet, for å halde kulturlandskapet ved like. I Geiranger, der attgroinga har kome lengst, kalkulerer rådet med at det må brukast over seks millionar neste år. I Nærøyfjorden er det snakk om nær 4,5 millionar kroner.

Slå med ljå

— Vi har hatt ein dramatisk nedgang i dyretal og gardsbruk som er i drift. Skal vi stoppe utviklinga, må vi handle raskt, seier Roar Werner Vangsnes i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som har vore med på å utarbeide planen.

I tillegg til å nytte eksisterande ordningar i landbruket, vil verdsarvrådet innføre fire nye støttetiltak. Bøndene skal få eit arealbidrag basert på arbeidsforbruk ved å hauste innmarka. Storleiken på denne støtta skal differensierast ut frå kor vanskelege gardane er å drive. Tilskotet skal vere størst til tungdrivne bruk som berre kan haustast med motorslåmaskin og ljå.

Vidare vil verdsarvrådet innføre beitebidrag for å få eit dyrehald som sikrar eit passande beitetrykk. I rapporten blir det konkludert med at dyretalet må aukast med ti prosent. Rådet vil også innføre det dei kallar kulturbidrag for at spesielle biotopar eller bygningar kan takast vare på, og gje investeringsstøtte på 40 prosent for å få bygt nye fjøs.

Staten må betale

— Men blir det ikkje noko kunstig å oppretthalde kulturlandskapet ved å betale bønder for å slå bratte bøar med ljå, Vangsnes?

— Om dette blir framstilt slik at nokre tullingar skal gå oppi bakkane og slå med ljå, så ja. Men det er berre eitt tiltak, og dessutan av dei mindre viktige. Om vi vil ta vare på kulturlandskapet, er det aller viktigaste å få fleire beitedyr i desse områda. Vi kan få så mange folk vi vil til å gå med motorsager i skogen. Dei vil uansett ikkje klare å gjere den jobben geiter, sau og kyr gjer på nokre sommarmånader, seier Vangsnes.

Planane er at fem departement skal vere med på eit spleiselag for å finansiere tiltaka i dei vestlandske verdsarvfjordane. Det har vore møte med departementa om finansieringa, utan at staten så langt har gitt grønt lys.

VAKKERT MEN TRUGA: Berre fleire gardsbruk i drift og fleire beitedyr kan stoppe utviklinga, slår verdsarvrådet fast.
Gaute Ramstad