Det blir hektisk lobbyaktivitet mellom politikarar i Odda, Jondal og Kvinnherad denne helga for å hindra at formannskapet i Kvinnherad følgjer innstillinga frå rådmannen neste torsdag. Ifølgje rådmann Trond Sætereng og saksbehandlar Kjell Nygård blir Jondalstunnelen til større ulempe enn nytte for dei fleste i Kvinnherad.

Ja, han får negative følgjer for heile Folgefonnhalvøya dersom han ikkje blir kopla med ei bru over Hardangerfjorden.

Rådmannen avviser den framlagte konsekvensutgreiinga og vil krevja ei ny utgreiing der lang Jondalstunnel blir kombinert med ei bru over fjorden mellom Jondal og Kvam.

Kvinnherad er ein veldig sentral part i dette prosjektet. Dersom det skal lagast ei ny konsekvensutgreiing der også bru er med, blir også reguleringsplanen stoppa. Dermed blir heile tunnelprosjektet parkert, seier Odda-ordførar Toralv Mikkelsen (Ap) til Bergens Tidende.

— Det er lite solidarisk å ikkje følgja opp intensjonane som låg bak samarbeidet om Folgefonntunnelen, meiner Mikkelsen. Ordførar Mikkelsen tvilar på at det nye politiske fleirtalet i Kvinnherad vil følgja rådmannsinnstillinga.

Men han er usikker, og vil saman med kollega John Skogseth i Jondal øva den påverknaden han kan overfor det politiske miljøet i Kvinnherad før formannskapsmøtet torsdag.