— Vi deler overskotet 50/50 med grunneigarane.

Slik forklarer administrerande direktør Rein Husebø i Småkraft AS den store oppslutnaden om småskala kraftutbygging.

Stort potensial

— Potensialet på landsbasis er ikkje mindre enn 30 terawattimar (TWh) årleg, av dette 4,5 TWh i Hordaland, fortel småkraftdirektøren.

Til samanlikning er totalt årsforbruk av straum her i landet rundt 125 TWh.

— Vi reknar det som realistisk med mellom fem og ti TWh utbygt i Noreg før det har gått 20 år, seier Husebø.

Prosjekt på 275 gigawattimar (GWh) i Hordaland er alt under bygging eller konsesjonshandsaming. Også i Sogn og Fjordane er ei lang rekke prosjekt i gang.

Husebø har studert det utfordrande terrenget i Rasdalen ved Bolstadøyri, der det skal byggjast eit kraftverk med årsproduksjon på 18 GWh, tilsvarande straum til 900 husstandar. Eit røyr som kan sluka 2000 liter vatn i sekundet, skal dels nedgravast og dels gå i tunnel ned den stupbratte lia, ei fallhøgd på 280 meter.

Snur stemninga

For få år sidan måtte BKK legga bort planar om å føra vatn frå Rasdalen over til Bergsdalen, til Fosse og Dale kraftverk.

— Det er ikkje uvanleg at stemninga snur når vårt opplegg vert presentert. Utbygging i elva sitt eige løp gir mindre naturinngrep, seier Husebø.

Det faktum at utbyggjar leiger fallrettane i 40 år, tek heile risikoen og gir grunneigarane halve overskotet, har nok også hjelpt til. Utbygginga har dessutan verdi for lokale entreprenørar.

— Energilova i 1991 opna i prinsippet for at private kunne bygga ut småkraftverk og selja straumen til andre enn det lokale kraftverket. I praksis hende det lite før vil tilbaud utbygging der grunneigarane får ta del i dei verkelege verdiane i kraftutbygginga, seier Husebø.

FRODIG FOSS: Kraftproduksjonen vil knapt merkast når Rasdalsfossen fossar på det frodigaste, seier administrerande direktør Rein Husebø i Småkraft AS, og lovar minstevassføring i tørketider.