Han stig ned i båten og opnar luka på ei kasse han har liggjande i sjøen utanfor ripa. Opp av kassa fiskar han to fine eksemplar av den mykje etterspurte hummaren.

Det blir høg temperatur i det vesle miljøet med hummarfantastar når freding blir tema.

— Prat om freding av hummaren høyrer ingen stad heime. Dei må ikkje finne på meir no, seier han, og viftar med den edle vara i lufta.

Arent Arnesen har vore fiskar heile sitt liv. No er han pensjonist, men han sikrar seg framleis ei god attåtinntekt ved å fiske hummar.

— Eg har investert i teiner, båt, bruk og naust. Båten kjøpte eg også for å drive laksefiske, men dei snevra inn på det og, seier han og ristar på hovudet.

— Dette gjeld ikkje berre hummaren. Dei skal ha vekk alle som driv i det små, meiner han.

Ulovleg fiske i stor skala

Ivar Øvretveit (73) har fiska hummar heile livet. No har han møtt fram for å seie nokre velvalde ord om fredingsforslaget som Gro van der Meeren ved Havforskningsinstituttet kom med i helga.

— Det er galskap. Vi har ei kystvakt som spelar seg rundt her heile året. Men dei køyrer i full fart forbi, seier han.

Mange fortel om det ulovlege fisket etter hummar. Det er dette dei vil til livs.

Dykkarar som plukkar hummar, også i fredingstida mellom 1. januar og 1. oktober. Også ålerusene som ikkje berre fangar ål, men også store mengder hummar. Dei nektar å tru at hummaren blir kasta ut att når han først har gått seg inn i ålerusa.

— Kontrollørane burde vore her ein månad før sesongen starta. Det var mykje som gjekk føre seg med dykkarar og åleruser, fortel dei.

- Heilt idiotisk

Forslaget om å frede hummaren vekkjer sterk harme i kystmiljøet. Det er mange som fiskar hummar. Dei er sinte.

— Heilt idiotisk. Det meiner direktør Magnar Aasebø i Vest-Norges Fiskesalslag om forslaget om å frede hummaren i 30 år.

Aasebø meiner påstanden om at hummarbestanden er i ferd med å kollapse, er feil.

— Hadde ein registrert den hummaren som verkeleg er fanga, hadde ein fått heilt andre tal, meiner han.

— Mange utanlandske turistar dykkar og plukkar hummar, også i fredingstida fram til 1. oktober. At det skjer eit utbreidd ulovleg fiske, er det ikkje mykje tvil om. Det er berre å ta seg ein tur på Torget og sjå etter hummar i fredingstida, så skjønnar du det, seier Aasebø.

Han meiner kontroll er eit betre verkemiddel enn freding.

— Vi må få til eit apparat som gjer det muleg å kontrollere dette, meiner han.

Sjølv om hummarfisket stort sett vert teke hand om av hobbyfiskarar, er det ein del pengar i bransjen. Odd Kåre Sekkingstad, dagleg leiar ved hummarmottaket hos Konrad Sekkingstad AS, seier dei betalar om lag 200 kroner kiloen for beste kvalitet.

Verd 3,5 millionar kroner

Tal frå Vest-Norges Fiskesalslag fortel at det vart teke 22 tonn hummar i Hordaland og Sogn og Fjordane i 1999. I 2000 var dei offisielle tala 20 tonn. Fangsten varierer sterkt. I 1998 vart det fanga ti tonn i området. Hordaland og Sogn og Fjordane står for halvparten av den totale hummarfangsten i Norge.

— 22 tonn hummar reknar vi med har ein verdi på 3,5 millionar kroner. Klart det er ein del pengar. Men samanlikna med dei 280-290 millionane i året som vi omset for i fiskesalslaget, er det ein bagatell, seier Magnar Aasebø, og avviser at det er økonomien som gjer at han vil hindre freding.

Også Sekkingstad ved hummarmottaket meiner auka kontroll for å stanse ulovleg fiske er ein betre veg å gå enn freding.

— I staden for slike vanvittige tiltak, kan ein foredle den bestanden vi har. Freding kan føre til auka import av amerikansk hummar. Eg er redd den skal utrydde den norske bestanden. Vi veit at det allereie er funne levande amerikansk hummar på kysten, seier Sekkingstad.

Dagleg leiar Knut Forland ved Tælavåg Fiskemottak meiner vegen å gå er å sleppe ut att hummar med rogn.

— Det gjer svenskane. Vi må få eit påbod om å sleppe ut at hohummaren her i landet også, meiner Forland.

EKSKLUSIV VARE: Arent Arnesen har teke 24 hummarar til no i år. Fem til ti hummarar er ein vanleg dagsfangst. Rett etter krigen kunne ein gjerne få 70-80 på ein dag. Det er ikkje tvil om at det er blitt mindre hummar i sjøen på Vestlandet. - Men freding er heilt feil veg å gå, meiner Arnesen.<br/>Foto: JAN M. LILLEBØ