— Nei, dette skuldast ikkje omlegging av lønssystemet til større grad av fastløn. Det har nok TBU tatt høgde for, så dette er nok dessverre situasjonen, seier Bogsnes, som seier dette vil få følgjer for årets oppgjer.

— Vi gjorde ein avtale med legane der vi la opp til effektiviseringar, som skulle gje ein reell lønsvekst på 9,5 prosent over to år. Men legane har ikkje klart å levere, seier Bogsnes, som i årets oppgjer vil krevje at dei tek dette att dei neste to åra.

Dermed skulle det vere duka for ein reallønsnedgang for legane.

— Dei får ta ut den effektiviseringa som vart avtalt i fjor, seier Bogsnes.

Ifølgje Dagsavisen vil ein lønsvekst på 15 prosent tilsvare 110.000 kroner for ein gjennomsnittslege.