• Eit opplevingssenter og ein utvendig heis på brutårnet vil gjera Hardangerbrua til ein kjempeattraksjon.

Det meiner stortingsrepresentant Øivind Halleraker frå Høgre. Halleraker, som sit i transport— og kommunikasjonskomiteen, sender no brev til samferdsleminister Liv Signe Navarsete der han legg fram ideane sine. Halleraker vil be om eit møte, og han vonar statsråden vil gripa tanken.

— Vi brukte litt store ord i Stortinget under brudebatten i februar. Sjølv nemnde eg Golden Gate i San Francisco. Der har dei heilt bevisst satsa på å gjera brua til ein turistmagnet. I ein merknad kom det og med at Stortinget ikkje ville ha noko i mot at Hardangerbrua vart nytta til å marknadsføra regionen, seier Halleraker, som også var saksordførar for Hardangerbrua.

— Kan dette tolkast slik at Stortinget så å seia oppfordrar til arkitektkonkurranse om brua?

— Det kan det kanskje. No trur eg nok det vert bra det som Statens vegvesen kjem fram med. Men i tillegg til brua, kan vi tenkja oss eit opplevingssenter for norsk byggjekunst. Og kva med ein heis opp til toppen av tårnet, utvendig og i glas?

Toppen av brutårnet er 186 meter over fjorden, og ca. 140 meter over brufestet. Til samanlikning er Bergen rådhus ca. 50 meter høgt.

Øivind Halleraker seier til Bergens Tidende at han har hatt kontakt med folk i reiselivsbransjen og andre som kan tenkja seg å vera med på finansiering av slike ekstratiltak rundt Hardangerbrua.

Hardangerbrua vart vedteken i Stortinget 28. februar i år. Nesten år startar arbeidet med tilførsletunnelane. Arbeida på sjølve brua kjem i gang i 2008. Bruopning vert truleg i 2011.

BRUPLAN: Hardangerbrua, omtrent slik ho verte
Statens Vegvesen