John Lindebotten

Prisen i dag for ein bil med to vaksne og to born er 86 kroner. Bompengane vert ferjetaksten pluss 40 prosent.

Denne prisen må trafikantane betala på ferja mellom Bruravik og Brimnes alt frå 2006 dersom Stortinget til våren seier ja til at Hardangerbrua skal byggjast.

Betaling på sjølve brua vert det då etter planen frå 2010 til 2027.

Samstundes får Bergens Tidende opplyst hjå fylkeskommunen at Riksantikvaren gjev løyve til å arbeida vidare med bruplanen, trass i funn av moglege gravrøyser på Bu i Ullensvang.

Bompengesøknaden inneheld eit nytt prisoverslag som Statens vegvesen har gjort på grunnlag av reguleringsplanane. Det syner at brua med tilførslevegar vil kosta 1635 millionar kroner, som er ei ørlita justering oppover samanlikna med prisen frå konsekvensutgreiinga, som kom tidlegare i år.

I søknaden er og trafikktala justert nedover etter at Rambøll Noreg AS gjennomførde to intervjuundersøkingar på fem fjellovergangar, ein i juli og ein i september.

— Vi har vald å vera varsame. Trafikktala for 2020, med bompengar, har vi sett ned frå 2600 til 2200 for dagen. Så har vi og lagt inn ei forsvarleg rente. Då har vi litt å gå på slik at vi kjem under 20 år med bompengar sjølv om føresetnadene skulle svikta noko, seier styreleiar i Hardangerbrua AS, Einar Lutro, til Bergens Tidende.

— Vert det Autopass på brua?

— Det kan godt henda. Men vi har lagt inn i reknestykket vårt utgifter til manuell innkrevjing i tillegg til Autopass i turistmånadene. Men det slepp vi kanskje dersom Autopass eller liknande er innført over heile Europa innan brua vert opna. Då sparar vi litt pengar, seier Lutro.

Vanleg bompengeperiode er 15 år, men med dei føresetnader som er lagt inn i søknaden, må Hardangerbrua få 140 millionar kroner frå staten for at det skal gå i hop. Finansieringsplanen for brua er sydd saman utan løyvingar frå staten.

Før bompengesøknaden går vidare til Statens vegvesen, skal han handsamast i fylkestinget rett før jul.