Vil synleggjere dårlege psykologar

Folk bør få vite om ein psykolog er god eller dårleg, meiner klinikksjef og psykolog Kari Lossius ved Bergensklinikkene.

I ein kronikk i dagens BT kjem psykolog Kari Lossius med kraftig kritikk av kvalitetssikringa av hennar eigen stand.

- Eg tykkjer det er på tide at vi som psykologar ser i vår eigen hage, for å sjå korleis det ser ut der, seier Lossius, som til dagleg er klinikksjef ved Stiftelsen Bergensklinikkene, ein av landets fremste institusjonar for rusbehandling.

Vi ha database
Medan ein som byggjer hus kan finne ut om fagfolk er gode eller dårlege, er det knapt mogleg når det gjeld psykologar, skriv Lossius.

Ho tek difor til orde for ein database, der folk kan gå inn og sjekke den faglege bakgrunnen til psykologar før dei vel ein.

- Det er eit forslag til eit registreringssystem, der det kan stå kva dei har gjort dei siste fem åra, kva dei kan, kva teknikkar dei brukar, kva pasientgrupper dei har jobba med og så vidare. Så kunne pasienten sjølv sjå kven som passar han og ikkje, seier ho.

- Vernar sin eigen stand
Lossius kjem òg med kritikk av Psykologforeiningas fagetiske råd, og skuldar dei langt på veg i å verne sine eigne medlemmer mot kritikk.

«I følge NPFs etiske råd kan ikke psykologer omtale hverandres fadese og vi kan ikke anbefale pasienter å velge noen kollegaer fremfor andre. I følge etisk råd er vi alle like flinke og kan like mye», skriv ho i kronikken.

Bakgrunnen for kritikken er at ho sjølv har blitt klaga inn for dette fagetiske rådet for å ha kome med kritiske merknader om ein annan psykolog, ei sak ho ikkje ønskjer å kommentere vidare fordi den ikkje er ferdigbehandla.

Ho meiner eit kritisk søkelys på psykologar er viktig, ikkje minst fordi det er vanskeleg å oppdage feilbehandling:

- Når ein kirurg kuttar av feil fot er det veldig synleg, men når ein pasient kjem ut av eit lukka terapirom er det veldig vanskeleg seie at her er skaden.

Slappe krav
I tillegg til klagesakene meiner Lossius at Psykologforeininga óg stiller for slappe krav til vidareutdanning. For å behalde spesialistgodkjenninga må psykologar i dag dokumentere 96 timar såkalla «vedlikeholdsaktiviteter» kvart femte år.

«Selv om noen sentrale tillitsvalgte faktisk mener at timetallet er tilstrekkelig, vil sannsynligvis flertallet av pasientene våre og også psykologene mene at listen ligger så lavt at det er nesten umulig å ikke spasere over den», skriv ho i kronikken.

Ho meiner både at andre bør ta over godkjenninga av desse krava, og at krava bør hevast.

- Du kan kurse deg til å bli flink til å lytte, og å forstå. Gjennom kunnskap og trening på terapi kan du òg bli ein dyktigare terapeut. Mitt ønskje er å få ein debatt om kven som skal kvalitetssikre spesialistane - vår eiga fagforeining eller nokon andre, seier ho.

Generalsekretær Tove Beate Pedersen i Norsk Psykologforening ønskjer ikkje å kommentere saka. Ho viser i staden til leiaren for organisasjonens fagpolitiske avdeling, Anders Skuterud, som i går ikkje hadde høve til å gje ein kommentar.

Les også

Siste fra Lokalt

Brannalarm i sentrum

Kraftig røykutvikling fra bakeri i Chrisitian Michelsens gate. - Det brant i en bakerovn, sier brannsjef.

Her kjører båten
folk med billetter

Noen gråt og andre bannet. - Dette spolerer ferien vår, sier trebarnsmor.

Streiken kan pumpe kloakk
rett ut ved badeplassene

- Økt fare for kloakk rett i sjøen, sier streikende driftsoperatører i Bergen Vann.

Tråsyklist krasjet i autovern

Kvinne (57) braste rett inn i autovernet på sykkel på Osterøy i nærheten av Lonevåg.

Pinseutfarten gir lange køer

Skaper lange køer ved Krambua.

To gutter (3) savnet fra barnehage

Full alarm da guttene hadde vært borte en time.

Relaterte bilder

FOTO: Silje Katrine Robinson

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger