Bombealarmen vart utløyst i Førde sentrum ved 19.30-tida fredag for ei veke sidan, tre dagar etter terror-tragedien på Manhattan i New York.

Bombeekspertar frå Oslo

Ein mann fortalte kioskbetjeninga på rutebilstasjonen at han hadde sett ein person kople leidningar og putte ein bombeliknande gjenstand inn i ein oppbevaringsboks.

Politiet vart varsla, dei spora opp meldaren som gjentok bombehistoria. og fekk stadfesta historia. — Dermed hadde vi ikkje anna val enn å følgje prosedyre, seier politiinspektør Terje Gjertsen til bt.no.

— Dette inneber at busstasjonen vart evakuert, og heile området inkludert haldeplassane vart avsperra. Samstundes tilkalla vi to bombeekspertar med hund frå Oslo.

Allemennprevensjon

Sperringa varte frå 20-tida til klokka 01.30 om natta. I mellomtida sat vitnet i avhøyr, og utfrå desse festa politiet mindre og mindre lit til historia hans. Til slutt valde politiet sjølv å opne boksen.

— Den inneheldt ein heilt ordinær bag, fortel Gjertsen.

— Bombeekspertane kunne snu på Hemsedal

Aksjonen medførte at store ekstraressursar vart utkommandert. Mannen, som er i slutten av 30-åra, vil bli sikta for å ha utløyst falsk alarm.

— Dette er ei viktig sak reint allmennpreventivt. Strafferamme er tre månaders fengsel, og dette er eit alvorleg tilfelle innanfor den aktuelle lovparagrafen, seier Gjertsen.

Ifølgje Gjertsen har rykter om at meldaren var overstadig rusa versert i lokalmiljøet denne veka.

— Dette stemmer ikkje. Han hadde brukt alkohol, men var ikkje svært rusa, seier politiinspektøren.