Direktoratet for naturforvaltning (DN) er sterkt uroa over dei samla konsekvensane av den massive vindkraftutbygginga som er planlagt langs heile den ytre lina av Vestlandskysten.

— Må vurdere samla

  • Vi tilrår sterkt at NVE ikkje avgjer konsesjonsspørsmålet for anlegg i fylket før fylkesdelplanen er ferdig og det finst meir sikker kunnskap om trekkjande fugl, skriv direktoratet i si høyringsfråsegn.

Ifølgje DN presenterer ei rekke utbyggjarar meldingar som ikkje tilfredsstiller krava til konsekvensutgreiingar. Meldingane seier omtrent ingenting om effekten vindanlegga har på fuglelivet langs kysten, skriv DN, som åtvarar sterkt mot å gje konsesjon no. Direktoratet minner om at desse meldingane er starten på planar som kan gje svært store naturinngrep og ber om at den samla effekten av alle dei planlagde vindkraftverka blir vurdert.

Berre i Sogn og Fjordane fylke ligg ti vindkraftanlegg for tida ute til høyring. I si fråsegn til to av desse søknadene, Ytre Sula og Ulvegreina (begge i Solund kommune), er DN svært kritisk og skuldar attpåtil utbyggjarane Vestavind AS og Agder Energi for å fare med feilinformasjon.

- Feilinformasjon

Ifølgje DN har begge selskapa oppgitt at planområda deira er merkja av for arealbruk som vindkraftområde i fylkesdelplanen. Det rette skal vere at mindre deler av planområda er utpeikt som eigna for vindkraft.

— Dette er feilinformasjon, og kan bidra til å gje eit feilaktig inntrykk av prosjektet, skriv DN.

Direktoratet meiner meldingane på dei ulike utbyggingane er av så dårleg kvalitet at ein i nokre tilfelle ikkje kan skilje eitt prosjekt frå eit anna, fordi framstillinga er så vag og omtrentleg.

«Vi har sett flere eksempel på at avgjerdsrelevant kunnskap ikke kommer frem i konsekvensutredningene», heiter det.

I spørsmålet om effekten på raudlista fugleartar som eksempelvis havørn, kongeørn, vandrefalk, hubro og smålom, legg selskapa opp til å bruke eksisterande kunnskap pluss ei synfaring i området.

DN meiner at dette ikkje held mål, og at det er eit nasjonalt ansvar å utarbeide godt nok avgjerdsgrunnlag med omsyn til sårbare artar og vindkraft.

  • Begge meldingane er veldig vage og omtrentlege når det gjeld konsekvensane, skriv DN.

- Følgjer spelereglane

Bak selskapet Vestavind Kraft står sju tunge aktørar i vestnorsk kraftindustri. Selskapet søkjer på Ytre Sula i Solund. Planområdet omfattar 12,5 kvadratkilometer av kystlandskapet, med overføringsliner, internt vegnett og opptil 55 vindturbinar.

— Vi har fått gjort desse utgreiingane i samsvar med dei krava og den praksis som er etablert i slike saker, seier direktør Håkon Sandvik i Vestavind Kraft.

— Kjem det krav om ytterlegare utgreiingar, er vi innstilt på å gjere det. Vi forheld oss til dei spelereglane som gjeld.

— Vindkraftprosjekt er no planlagt langs omtrent heile kyststripa. Vestavind Kraft har aleine elleve anlegg på gang. Kva skuldast Klondyke-stemninga i bransjen?

— Det politiske systemet har invitert til at det er først til mølla, så å seie. For aktørane gjeld det å sikre seg gode lokalitetar, og det finst inga anna køordning, seier Sandvik.

DN skriv at konsekvensane på landskapet må vurderast i regional samanheng. Som døme viser dei til at det berre i området rundt Sognesjøen og innsiglinga til Sognefjorden er planlagt fire store, godt synlege vindkraftanlegg.

— Kva tykkjer du om at DN krev stopp fram til fylkesdelplanen er klar?

— Eg har sans for det. Det er rimeleg å sjå tinga i samanheng, seier Kåre Sandvik i Vestavind Kraft.

Kva synest du om vindkraftplanane på Vestlandet? Sei di meining i feltet under!

KJELL HERSKEDAL, NTB