Saman med kona har Toft bygget opp Kvernepollen Fiske & Ferie i Øygarden. Tyske turistar som kjem til Norge for å fiske er de viktigaste kundane.

Mellom 2,2 og 2,4 milliardar kroner legg slike fisketuristar igjen i året, i følgje ein rapport Norges Fiskerihøgskole og Universitetet i Tromsø la fram i fjor. Omrekna i årsverk er 1200 personar sysselsett i fisketuristbransjen, fordelt på 900 bedrifter som stort sett held til i grisgrendte strøk.

Turistfisket gir langt meir til samfunnet enn om vi skal fiske fisken sjølve, meiner Toft.

— Ein bør etterkvart få auga opp for at dette er ei distriktsnæring på line med lakseoppdrett, seier Toft.

Droppar minstemål

Norges Fiskarlag har arbeidd for å sette grenser for turistfisket ut frå ein argumentasjon om at turistfiskarane konkurrerer med yrkesfiskarane om fisken.

Fiskeridirektoratet har i langt tid vurdert om det bør innførast minstemål også i turistfisket.

Etter ein høringsrunde med mange negative reaksjonar på framlegget om minstemål, vil direktoratet heller gå inn for å nekte utanlandske fiskarar å ta med seg meir enn 20 kilo fisk ut av landet.

For lite

Toft meiner er slik grense er for låg. Han reknar med at gjennomsnittsturisten fiskar opp 30 kilo fisk, og meiner det er urimeleg å setje grense ved 20 kilo.

Men Toft trur ikkje ein eventuell kvote på 20 kilo vil få noko å seie. Rett og slett fordi det vil bli uråd å kontrollere.

— Det heile vert ein sånn sovande regel. Eg trur ikkje det offentlege klarar å fylgje opp dette, seier Toft.

NEI TAKK: Kåre Toft i Kvernepollen Fiske & Ferie i Øygarden vil ikkje ha kvote for turistfiskarar, og meiner turistfiskenæringa skaper større verdiar per kilo fisk enn tradisjonelt fiske. <p/> ARKIVFOTO: GIDSKE STARK