— Vi har det travelt. Skal vi behalde styringa, må vi unngå statleg styrte prosessar, seier Jan Øhlckers, prosjektleiar for utgreiing av ein ny Vestlandsregion.

I dag kjem tilrådinga frå den femten mann sterke styringsgruppa som har greidd ut konsekvensane for mellom anna demokrati, økonomi, geografi og kjerneoppgåver for regionen i Vest. Allereie i går fekk deltakarar på Hordalandskonferansen på Stord innblikk i kva veg det kan bera.

Strutsepolitikk

— Hovudtyngda av arbeidet er konsentrert om regionmodellen, røpte Jan Øhlckers. Det inneber ei nedlegging av fylkeskommunane som blir erstatta av ein Vestlandsregion. Alternativet er ein rådsmodell der fylkeskommunane anten kan fungera som høyringsinstansar eller dei kan delegera saker vidare til rådet. Denne rådsmodellen illustrerte Øhlckers med eit bilete av strutsar.

Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er teikna inn på kartet for den nye regionen, men sistnemnde har signalisert at dei heller vil stå aleine som eige fylke.

Ei anna utfordring er korleis skapa regional balanse i ein region der Bergen og Stavanger dominerer og der det er stor vekst i sør og tilbakegang i nord.

— Sogn og Fjordane er i ein vippeposisjon. Dei fryktar å bli overkjørt av dei to store fylka i sør og byane der, sa Øhlckers.

Styringsgruppa ser for seg at fleire statlege oppgåver må flyttast frå stat til region. Dei har mellom anna kasta auga sine på spesialisthelsetenesta og transportsektoren.

Fryktar ulikskap i Noreg

Fylkesmann Svein Alsaker trur det kan bli vanskeleg å få staten til å gje avkall på makt, men ser at regionane treng oppgåver for å bli meir slagkraftige enn dagens fylkeskommunar. Han fryktar regionalisering kan føre til større ulikskapar i tenestetilbod mellom landsdelar.

— Ei svekking av statleg makt vil kunna gje ulikskap på regionale nivå, sa Alsaker, som likevel trur skuta er på veg mot ein landsdelsregion.

Utgreiinga skal no ut på ei brei høyring. Målet er å gjera vedtak i Vestlandsrådet i januar 2006.

— Tempo, tempo, tempo, maner fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Ho ser helst at representantar til Vestlandsregionen kan veljast samstundes med stortingsvalet i 2009.