— Ein stor dag for Vossebanen, kommenterte ordførar Bjørn Christensen på Voss då fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg presenterte prosjektet i Bergen i går.

Samferdsleavdelinga i fylkeskommunen skal i perioden oktober-februar vurdera kva som trengst av fornyingar på jernbanesporet, stasjonane og med togmateriellet. Alt skal kostnadsvurderast.

— Målet er å få prosjektet gjennom høyringsrunde og politisk handsaming tidsnok til å bli innspel frå Hordaland til Nasjonal Transportplan 2010-19, seier fylkesordføraren til Bergens Tidende.

Prosjektet vart i går godt motteke av NSB Persontransport som for tida har leiarmøte i Bergen. Visekonsernsjef Rolf Roverud vedgjekk at kritikken mot vognmateriellet var eit velfortent spark på leggen. Det vart opplyst at dei to eldste lokaltogsetta går på Vossebanen fordi dei er reserve på Flåmsbana. Nyare tog greier ikkje bratta. I denne samanhengen går Vossebanen til Myrdal. Reiselivssjef Bjørn Myhren hevda at turistane opplever mishøve mellom pris og kvalitet.

Bjørn Sandnes, leiar av Pendlarforeininga Voss-Bergen, synest det er prisverdig av fylket å ta dette initiativet. Olav Munch, Dale of Norway, tok til orde for pc-straum og ubroten internett-, mobil- og radiodekning på lokaltoga.