Striden rundt Holmedal skule i Askvoll kommune er bitter. Spesielt etter ein demonstrasjon i førre månad, der foreldre og elevar tok med seg stolar og pultar og gjekk inn i undervisinga i klassane ved Askvoll skule for å vise at det ikkje er plass nok til å flytte dit.

I ettertid har skulesjefen kravd skriftleg orsaking frå aksjonistane, men utan å få det.

Møte onsdag

— For oss er det primære å få behalde skulen slik den er i dag. Den har alt å bety for oss her i bygda. Utan skule, inga bygd, meiner aksjonsleiar Egil Vårdal.

— Men dersom politikarane vel å legge ned, så vil vi vurdere å starte privatskule her.

På onsdag arrangerer aksjonistane møte, der rektor ved privatskulen på Almenning i Vågsøy skal orientere om kva som krevst for å få etablert privat skuledrift.

— Vi veit lite om dette, men vil heilt klart vurdere om det er grunnlag for å starte dersom det blir nødvendig.

Tidlegare i haust avgjorde kommunestyret, med knappast mogeleg fleirtal, å ikkje frede grendeskulen i Holmedal i budsjettarbeidet for neste år. Det betyr at tre alternativ skal utgreiast, alt frå klassekutt til total nedlegging.

— Alle her i bygda skjønar at ei mellomløysing der mellomsteget blir fjerna, berre blir ei seigpining. Det blir eit spørsmål om tid før resten er vekke, meiner Vårdal.

- Slag i ansiktet

Holmedal har mellom 35 og 40 skulebarn dei kommande åra. Vegen til skulen i kommunesenteret Askvoll er ikkje avskrekkande lang, men reisetida er da heller ikkje hovudargumentet for å oppretthalde skulen.

— Det er snakk om å redde bygda. Utan skule og nærbutikk er det ikkje lenger noko bygd, seier Vårdal. - Skulen er heilt avgjerande for bygda, og vi vil gjere det som skal til for å halde den oppe.

Han viser også til at Holmedal er tildelt bygdeutviklingsmidlar dei neste tre åra, og at fleire av tiltaka som er søkt om midlar til er avhengige av at bygda har ein oppegåande skule.

No håpar Vårdal at politikarane vil snu under det avgjerande budsjettmøtet i desember, der lagnaden for Holmedal skule skal avgjerast. Han håpar også at røystinga blir meir oversiktleg enn sist.

— Faktum er at fleire av representantane ikkje oppfatta kva alternativ dei eigentleg hadde røysta på, seier han, og håpar kommunen kan finne innsparingane andre stader. - Skulen er hjarteblodet her i bygda. Å legge den ned, vil vere eit slag i anskitet på bygdefolket her.