Kjem anlegget i gang kan det gje mellom 15 og 20 arbeidsplassar, og i tillegg verte ei attåtnæring for fiskarar i området.Det er selskapet Scan Aqua frå alpin— og fjellbygda Oppdal i Sør-Trøndelag som har søkt om konsesjon for kråkebolleoppdrett på tre lokalitetar i sognekommunen. To av lokalitetane ligg ved øya Røytinga, heilt sør-vest i kommunen. Den tredje ligg lenger nord, ved Hisarøy. Sushi - Vi håpar at konsesjonssøknaden vert avgjort i haust. Får vi eit positivt svar, kan vi vere i gang neste sommar, seier Jan Arve Gjøvik, talsmann for gruppa som vil satse på at kråkebollar frå Sogn skal slå gjennom på ein stadig veksande verdsmarknad. Gjøvik har 20 års erfaring frå oppdrett av laks.Rogn frå kråkebollar vert brukt i den svært populære fiskeretten sushi. Dette er ein matrett som først og fremst er utbreidd i Japan, men dei seinare åra har også resten av verda fått augene opp for rå fisk. Sushiýrestaurantar sprett opp, nær sagt over alt.Men framleis er Japan viktigaste marknaden, med kring 80 prosent av forbruket av kråkebollerogn. Forbruket av kråkebollerogn er på heile 100.000 tonn i året. Mangelvare På verdsbasis er rogn frå kråkebollar mangelvare, noko som også resulterer i svært høge prisar. Truleg kan norske kråkebolle-leverandørar rekne med å få kring 500 kroner kiloen for rogna, som altså vert omsett for det mangedobbelte i sushiens heimland.- Det føregår i dag fiske etter kråkebollar både i Nord- og Sør-Amerika og i Asia, men bestanden er overfiska. Slik sett er det eit glimrande tidspunkt for å starte oppdrett, meiner Gjøvik.Firmaet som står bak kråkebolleprosjektet satsar på å investere kring ti millionar kroner i Gulen. Etter det Bergens Tidende kjenner til, har selskapet Scan Aqua også søkt konsesjon ei rekkje andre stader langs norskekysten. Fange ville kråkebollar Planen er å fange ville kråkebollar, for så å fôre dei opp ved dei tre lokalitetane i Gulen. I kommunen i Ytre Sogn skal også anlegget for reinsking og pakking plasserast.- Til fanginga av kråkebollane satsar vi delvis på å bruke dykkarar og delvis på lokale fiskarar. Fisket vil i så fall skje ved hjelp av ein form for rusefangst, fortel Gjøvik.I anlegget skal kråkebollane forast til rogna er av god nok kvalitet.- Problemet med kråkebollar i vill tilstand langs norskekysten er at rogna ikkje er stor nok og at kvaliteten ikkje er god nok. Vi satsar på å samle inn kring 240 tonn kråkebollar i året, og at dette skal resultere i ein produksjon av mellom 30 og 40 tonn rogn. Mange arbeidsplassar Det er først og fremst i reinsking og pakking at arbeidsplassane kjem.- Prosessen med hausting og «slakting» av kråkebollar er svært arbeidskrevjande. Vi reknar med å sysselsetje i alle fall ti personar i denne delen av produksjonen.Frå før finst det to anlegg for oppdrett av kråkebollar i Nord-Norge. I følgje Gjøvik ligg eit dusin andre norske selskap i startgropa for å satse på å dyrke kråkebollar.