I dag har Austevoll ei prestestilling, og for tida er soknepresten sjukemeldt. Han innser at spleiselag er den einaste måten å få realisert ei ny stillinga.

Helge Andre Njåstad seier til Kystradioen at biskop Ole D. Hagesæther har gitt positive signal på ei løysing med spleiselag.

— Kanskje presten kan få seg ein tur ut på feltet også, seier ein optimistisk ordførar. Austevoll kommune har ikkje høve til å delta økonomisk i spleiselaget, men Njåstad vil gjerne gi fødselshjelp til ei ny stilling.

Fiskebåtreiar Inge Halstensen er samd i at det er nødvendig med ei ekstra prestestilling, men meiner at først må biskopen bli utfordra til å ta brorparten av ei slik stilling.

Han meiner at ei lokal finansiering først og fremst bør skje ved innsamling via kyrkjelyden.