I går stoppa einaste ferja frå Austevoll til Krokeide igjen.

Med ferjekaien full av ventande bilar, måtte Tide melda at ferja var sett ut av spel på grunn av brennmanetar i kjølesystemet.

— Det er eit stort problem for oss at vi ikkje kan lita på dette sambandet, seier ordførar Helge Andre Njåstad.

— Om ein t.d. skal nå eit fly, kan det vera svært frustrerande at ferja plutseleg står, seier han.

- Det står på pengane

Ei ekstra ferje med fast bemanning hadde gjort situasjonen betre for både Fusa og Tysnes i tillegg til Austevoll, fortel ordføraren.

Reserveferja ligg der, men det kan gå inntil 12 timar før ho er i drift.

Austevoll kommune har vore i møte med fylkeskommunen og bedt om bemanning på reserveferja.

— Vi har ikkje møtt uvilje, men det står på pengane, seier han.

Då Austevollsbrua skulle byggjast, var det ein del av vedtaket at Austevoll skulle klara seg med berre ei ferje når brua kom.

Då brua stod ferdig i 2007 stoppa ruta til Austvollshella.

Gammal avtale

Det vart laga ein avtale 2003 der kommunen gjekk med på å klara seg med berre ei ferje.

— Det stemmer at vi har arva den avtalen, men trafikkutviklinga har vore uventa stor, dessutan gjer nye reglar at ferjer har plass til færre bilar no, seier Njåstad.

Han meiner og at den sju år gamle avtalen ikkje må hindra at Austevoll får eit like godt tilbod som ein har andre stader.

Då ferja ikkje kunne startast i går tidleg, begynte arbeidet med å få reserveferja starta opp og bemanna.

Først klokka 1135 kunne den setjast inn i ruta.

-Har bedt om pris

Hadde ferja hatt faste folk om bord, ville sambandet vore i gang igjen mykje før, meiner Njåstad.

Kommunen har tilbode å betala fire millionar for å få til ei ordning med reserveferja. Pengane er mest kommunale, men næringslivet i kommunen har også putta pengar i potten, ifølgje ordføraren.

Frå nyttår skal Fosen overta ferjeruta mellom Hufthamar og Krokeide.

Selskapet vann anbodet på ferjeruta som skal driftast som i dag, med ei ferje og ei reserveferje i beredskap. No skal Fosen også gi ein pris på ei fast bemanning av reserveferja.

— No ventar vi på svaret frå Fosen, seier Njåstad.

Austevoll har også eit ferjesamband i sør, til Stord. Dette vert ikkje sett som eit alternativ til sambandet til Krokeide på grunn av lang køyretid.

Treng Austevoll ei ekstra ferje? Er det rett at kommune og næringsliv spleisar? Sei di meining!