— Me kan ikkje vera dårlegare enn Os kommune, som sa opp 70, seier Stord Frp sin førstekandidat - Thor Gunnar Bjelland. Høgres Lars Åge Myhre er meir forsiktig i sitt slankeforslag. 6-8 stillingar bør bort, ifølgje han.

— Det er ikkje mykje i ein kommune med rundt 900 årsverk. Men det gir ei innsparing på rundt fire millionar kroner, og kuttet bør skje i administrative stillingar og i støttefunksjonar, seier Myhre.

Sysselsetjing generelt er viktig for alle Stord-partia, ikkje minst Ap. Magne Rommetveit har nytta mykje av ordførartida si på å pleia kontakt med Aker Kværner-miljøet for å hindra ei ytterlegare nedbygging av staben ved Aker Stord og Aker Elektro.

Stord har høgast arbeidsløyse i Sunnhordland. Med statlege millionsummar i støtte er omstillingsprogrammet SNU sett ut i livet for kommunane Stord og Fitjar.